Fylket løyver 1,45 millionar til å gjere Måløy smartare

måløy brua til måløy vekst

Vestland fylkeskommune har løyvd 1,45 millionar i støtte til prosjektet SmartBy Måløy. Prosjektet vert gjennomførd av Måløy Vekst, blant anna i samarbeid med Kinn kommune, og skal bidra til ein berekraftig og framtidsretta utvikling innan dei fire områda; Transport/mobilitet, næringsutvikling, arealplanlegging og tenesteproduksjon.

 

På dagens møte i det fylkeskommunale hovudutvalet for næring, naturressursar og innovasjon, var det kommet inn 117 søknader på til saman 156 millionar kroner i støtte til næringsutvikling og innovasjon. Utvalet valde å løyve totalt 16,5 millionar til 27 prosjekt, blant anna 1,45 millionar til SmartBy Måløy. Fylkesadministrasjonen hadde på førehand vurdert søknaden frå Måløy Vekst som svært god, og rangert den øvst av dei innkomne søknadane.

 

Prosjektleiar for SmartBy Måløy, Frank Willy Djuvik, er strålande nøgd med tildelinga frå fylkeskommunen, og seier at dette vil bidra til mange spennande tiltak i Måløy i tida framover.

 – Dette er eit prosjekt som vi allereie har jobba med ei stund, spesielt innan arealplanlegging. Støtta frå fylkeskommunen betyr at vi no og kan ta til på ein del av dei andre tiltaka og prioriteringane i prosjektet, seier han.

 

SmartBy Måløy er eit 3-årig samfunns- og utviklingsprosjekt i regi av Måløy Vekst, i samarbeid med Kinn kommune. Begrepet smarte byar og samfunn tek utgangspunkt i innbyggjarane sine behov, og tek i bruk digital teknologi og innovative metodar for å gjere samfunnet betre å bu, leve og jobbe i, heiter det i søknaden.

 

I følgje prosjektleiaren vil ein merke tiltaka i prosjektet på mange forskjellige måtar. Blant anna innafor arealplanlegginga og måten ein leverer både private og offentlige tenester på. – For eksempel vurderer vi no heilt konkrete tiltak innan transport og mobilitet, som skal bidra til at det vert lettare og betre å bevege seg rundt. Dette kan være for eksempel betra kollektivtilbod i og rundt sentrum, betra ladeinfrastruktur for elbilar, eller utleige av elsykklar. Dette er heilt konkrete tiltak vi jobber med no, seier Djuvik.

 

Djuvik fortel at ein samarbeider med mange forskjellige aktørar i prosjektet, og at styringsgruppa består av representantar frå både Kinn kommune, Nordfjord Havn, Sætren, Local Host og Videonor.

 – Det er heilt avgjerande for prosjektet at vi har med oss både utviklingsaktørar, og næringslivet som har kompetanse i bruk av digitale verktøy og nye løysingar. Den digitale kompetansen miljøet i Måløy har er svært god, og løysingar vi utviklar gjennom prosjektet vil kunne bidra både til god samfunnsutvikling, men og viktig næringsutvikling, avsluttar prosjektleiaren.