I hjørnesteinsbedrifta Nordvestvinduet ser dei moglegheiter der andre ser begrensingar

For heile 66 år sidan starta eventyret til Nordvestvinduet AS som ein tradisjonell trevarefabrikk som produserte ulike treprodukt. I dag vert bedrifta drive av tredje generasjon med spisskompetanse på vindauge og dører. I tillegg til å ha ein av dei mest moderne vindaugefabrikkane i Europa lokalisert i Almenningen, har bedrifta også avdelingskontor i Perth, Skottland.

“Dottera til musikaren Mike Jagger var faktisk en av våre første kunder i UK” fortel dagleg leiar Arve Martin Almenning.

Men det er ikkje berre kjende personar blant kundegruppa til Nordvestvinduet. Også kjende arkitektar og merkverdige bygg står på lista over prosjekt selskapet har vore involverte i. Heile 6 av bygga i høghusrekka Barcode i Oslo er utstyrte med vindauge frå Nordvestvindauge. Nobels Fredssenter, Skattedirektoratet, St. Olav Hospital og Colorline stadion er blant andre på kundelista.

“Når vi får spørsmål om å levere til spesielle prosjekt så er dette en del av vår kultur, en må se muligheter der andre ser begrensninger sier Almenning. 

Investerer i framtida

Nordvestvinduet har no gått til innkjøp av nye maskiner til produksjon av vindauge og dører til ein sum av om lag 20 millionar kroner. Med dette rustar bedrifta seg for framtida ved å sikre god leveringskapasitet og ypparste kvalitet på produkta dei leverer. Det er store maskiner med avanserte dataprogram som skal sørger for å kappe treverket optimalt.

“Vi har ikkje avgrensingar på størrelsar på produkta vi leverer, og det ser ein gjerne på dimensjonane på maskinene” peikar den daglege leiaren ut.

Med dei nye maskinene vil en oppnå en mer fremtidsrettet og effektiv produksjon.

Ei familiebedrift med fokus på inkludering og opplæring

I dag har Nordvestvinduet 7 lærlinger  og i tillegg tilbyr bedrifta utdanning gjennom jobben.

“Vi tilbyr eit løp for etablerte voksne kunne gå opp til fagbrev eller teknisk fagskule medan ein går i jobb hos oss.

Nordvestvinduet har og en tett dialog med Nordfjord opplæringskontor der en har hjelp folk ut i arbeid.