Ikkje berre eit reinhaldsbyrå: – Det er veldig mykje spennande som skjer her

Vest Industrivask tilbyr ei rekke ulike tenester innen reinhald, vaskeri og renseri, men også nokre tenester du kanskje ikkje var klar over. Som til dømes at dei har sin eigen vaktmester!

  • Han tek seg av hagearbeid, kan hjelpe til når folk skal flytte, snømåking og mykje meir. I tillegg har vi tilsette med snikkar-kompetanse som kan hjelpe til med småprosjekt i heimen, fortel personalleiar og kvalitetsleiar Torill Domstein.

Innanfor reinhald- og vaskeritenester har dei mange spennande oppgåver. Dei tilbyr alt i frå reinhald i bustad etter brann, nedvask av båt til stryking av bunadsskjorter og mykje meir. Kundane er både privatpersonar og bedrifter.

Bedrifta driv også med profilering og leverer arbeidstøy og utstyr til industri og andre med broderte eller trykte logoar.

Stort dekningsområde

Vest-Industrivask med hovudkontor i Måløy har kanskje eit større dekningsområde enn du trur. Ikkje berre har dei avdelingar som dekkar Stad, Vanylven, Florø, og Bremanger, men bedrifta eig også Molde renseri og vaskeri i tillegg til eit vaskeri på Lom og eitt i Aurland.

  • Vi har over 80 tilsette på alle avdelingane og kan i sesongen vere opp til 100 stk, fortel personalleiar og kvalitetsleiar Torill Domstein.
Evy Anne har jobba i bedrifta i eitt år no og har fått sitt eige “gjer det sjølv”-hjørne.

Dei tilsette har med seg kompetanse frå mange delar av verda og staben utgjer 14-15 ulike nasjonalitetar. Bedrifta samarbeider om språktrening med KURS KF.

Strenge rutinar

Vest Industrivask har strenge rutinar for vask, lagring og levering av vaskerivarer. Dette kan til dømes vere sengetøy eller håndkle som skal brukast på hotell, eller arbeidstøy til næringsmiddelindustri. Det er difor svært viktig at det blir behandla etter gjeldande regelverk.

  • I fjor fekk vi diplom for å ha scora toppkarakter på alle punkt då vi hadde Norsk Vaskeritilsyn innom på kontroll, fortel Domstein.