Innspel til prioriteringar i regional transportplan for Vestland

Innleiing

Måløy Vekst kjem her med sine innspel til prioriteringane i Regional Transportplan. Planen er svært viktig for næringsutvikling, mobilitet, folketalsutvikling og vekst, og vi ser fram til å samarbeide med Vestland fylkeskommune om å realisere målsettingane i åra framover. Vi vil skryte av prosessen som sikrar brei involvering, og høve til å påverke planen på både overordna og konkret nivå.

Om Måløy Vekst

Måløy Vekst er næringslivet og kommunen sitt felles organ for langsiktig samfunns- og næringsutvikling. Selskapet har som formål å fremje vekst i næringslivet og skape bulyst i kommunen. Næringslivet i regionen, representert ved ca. 90 verksemder, og Kinn kommune er aksjonærar/medlemmar i selskapet. Eigarane har mellom 3 og 4 tusen tilsette både lokalt, nasjonalt og globalt, og har ei årleg omsetting på over 15 milliardar kroner årleg. Måløy Vekst er eit serviceselskap for næringslivet, som skal informere og legge til rette for ny verksemd og infrastruktur, og vere ein møteplass for næringslivet og kommunen.

Overordna betraktningar til prioriteringane

Vekstkraftig region

Kystregionen på Vestlandet har potensialet til å verte den mest vekstkraftige regionen i landet. Å utnytte potensialet for bærekraftig vekst og utvikling langs kysten føreset ei tydeleg prioritering og satsing på å byggje sterkare bu-, arbeids-, og serviceregionar. Fragmenterte miljø, samt små byar og tettstader utan eit omland innan akseptabel reisetid, er kanskje det største hinderet for å utnytte det vekstpotensialet vi har innan framtidas vekstnæringar.

Vi tilet oss her å nemne blant anna fiskeri, havbruk, energiproduksjon, transport, skipsdesign og konstruksjon, industri, foredling, produktutvikling, teknologi, samt bærekraftig reiseliv som nokre eksempel på næringar som har eit enormt potensiale for bærekraftig vekst og velstandsproduksjon i åra framover, der dei naturgitte føresetnadane, samt kompetansen, erfaringa og innovasjonskrafta allereie ligg i etablerte miljø og lokalsamfunn langs kysten.

Mykje av dette kan løysast med ei tydeleg prioritering av vegsamband og kommunikasjonsløysingar for å knytte kystsamfunna tettare saman. Her vil vi konkret trekke fram Kystvegen Måløy-Florø som eit heilt avgjerande prosjekt, som vil binde saman viktige kompetansemiljø og byggje ein framtidsretta og vekstkraftig bu-, arbeids-, og serviceregion på kysten i nordre del av Vestland.

Effektive båtruter med rutetider, prisar, og fart som gjer det funksjonelt og effektivt å nytte båten til pendling, vil og sikre at ein kan utnytte kompetansen og arbeidskrafta i eit større geografisk område, til å utvikle og skape vekst i dei bærekraftige næringane langs kysten. Fart på fartøy, rutetider og prisar må difor tilpassast behovet for effektive og attraktive pendlarruter, spesielt mellom Måløy, Bremanger, Florø og Selje, som trafikkerast av Nordfjordekspressen og Kystvegekspressen.

Konkrete innspel til prioriteringar

Fylkesveg 617 Kapellneset-Raudeberg

Opprusting av vegen mellom Kapellneset og Raudeberg er heilt avgjerande for vidare utvikling på Raudeberg. Vegen er i dag i svært dårleg forfatning, trafikkfarleg, og lite framkomeleg. Vegen har ein ÅDT på 3000. Vegen er dagleg skuleveg for mange born og unge, viktig pendlarveg mellom Raudeberg og Måløy, og det er ein betydeleg mengde transport til og frå næringsbedrifter langs vegen. I samband med Stad skipstunnel vil området få tilført store mengder med stein, noko som betyr vesentleg utviding av næringsverksemd. Noko som igjen betyr auka behov for transport/tilkomst for både gåande, syklande, bilar og tungtransport. Omsetning for bedriftene i området er på godt over 2 mrd. planlagt store investeringar og etableringar i årene framover. Raudeberg er eit levande næringsområde med fleire sjømatselskap og tre skipsverft som ligg langs fylkesvegen. På Raudeberg er det. I dag jobbar det ca. 300 menneske innan marin og maritim industri på Raudeberg. Dette talet kan nesten doble seg dersom planane til næringsaktørane blir realitet.

Babord Group planlegg ei større satsing på slakting og bearbeiding av torsk, samt bearbeiding av laks, og ser for seg ein auke i tall tilsette med 60-100 personar innan 5 år. Sjømatselskapet Domstein vil også samle ei større del av verksemda si på Raudeberg, og planlegg utviding av anlegget for bearbeiding av fisk og sjømat. Domstein ser føre seg 50-100 nye arbeidsplassar på Raudeberg. Det er også ein stor satsing på landbasert oppdrett med slakteri- og prosessanlegg, samt kompetansesenter i Barstadvika, på industriområdet mellom Måløy og Raudeberg. Her planlegges det for 25-50 nye arbeidsplassar.

Alle næringsaktørane nemnde over, samt hjørnesteinsbedrifta og skipsverftet Båtbygg, har også stadig aukande turisttrafikk i området gjer at vegen sin kapasitet blir utfordra. Møteproblematikken langs denne vegen er betydeleg da møteplassane er både smale og altfor korte. For å nå turistmåla Refviksanden og Kråkenes fyr må ein passere Raudeberg og bruke FV617 frå Måløy. Teljingar viser at trafikken doblar seg om sommaren.

Opprusting av vegen er kostnadsrekna til ca. kr 100 millionar, men Kinn kommune og fleire næringsaktørar syner stor vilje til å realisere strekninga som eit spleiselag saman med fylkeskommunen. Kommunen planleggar å oppruste VA-anlegget på strekninga, medan fleire næringsaktørar har planar for både utviding av eksisterande verksemder, samt nye verksemder. Videre utvikling av industrien og 300 nye arbeidsplassar på Raudeberg vil gje stor auke i trafikken.

Fylkesveg 5715 Måløy-Vågsvåg

Vegen mellom Måløy og Vågsvåg er ein svært trafikkert veg, og trafikken aukar, både grunna auka bustadbygging, auka næringsaktivitet, og ikkje minst auka trafikk frå besøkande og turistar. Måløy Vekst vil minne om at Statens Vegvesen allereie i 2012 utarbeida ein rapport som synte behov for punktutbetring av fv621 (no fv5715) Måløy-Vågsvåg. I rapporten vert det peika på redusert framkomst og høge avstandskostnader pga. dårleg vegstandard (smal, svingete, ujamn veg), behov for sikring av mjuke trafikkantar, ulykker, spesielt utforkjøringsulykker og generelt forfall på vegen. SVV foreslo i 2017 å gjennomføre punktutbetringar på vegen, men dette er førebels ikkje følgt opp i investeringsplanane.

Kommunen har utarbeida ei liste med 15 utbetringspunkt i prioritert rekkefølge, og meiner at ein vil kunne monaleg betre trafikktryggleiken og framkommeligheit for dei vegfarande med investeringsmidlar i størrelses orden 5-10 millionar kroner. Måløy Vekst syner til Vestland fylkeskommune sitt prosjekt «meir veg for pengane», og meiner at her vil ein med relativt små investeringsmidlar få store gevinstar i form av betring av trafikktryggleik og auka framkome.

Kystvegen Måløy-Florø

Næringslivet og innbyggjarane langs kysten har ei klar forventning om at fylkeskommunen føl opp tidlegare lovnader om realisering av kystvegen Måløy-Florø. Som første prosjekt må Svelgen-Indrehus inn i investeringsplanen allereie frå 2023, og deretter må ein planlegge og prosjektere ferjeavløysingsprosjektet i ytre Nordfjord. Denne vegen er heilt avgjerande for å oppnå den vekstkrafta ein har i næringslivet og kystsamfunna i åra framover.

Dagens fylkesveg mellom Myklebust/ Indrehus og Svelgen er smal og svingete, og gjev dårleg framkome særskild for tyngre køyretøy. Lengda på strekninga er på kring 16 km, målt mellom krysset på Myklebust og Svelgen sentrum. Ein ny tunnel mellom Indrehus og Svelgen vil korte ned køyrelengda med om lag 7 km. Prosjektet er neste parsell i realiseringa av Kystvegen Florø-Måløy, som skal etablere ein samla bu- og arbeidsmarknadsregion for over 50.000 menneske i kystkommunane Stad, Bremanger, Kinn og Sunnfjord.

For utviklinga av næringslivet langs kysten, er det heilt avgjerande at kystvegen frå Måløy, via Svelgen, til Florø, vert realisert. Ein styrka infrastruktur langs kysten vil betre tilgangen til arbeidskraft, knyte saman fagmiljø, sikre lågare transport- og produksjonskostnader, auke veksten og lønnsemda i bærekraftige framtidsnæringar, samt bidra til lågare utslepp gjennom betra tilgang til hamner for å få gods over frå veg til sjø.

I tillegg til at Svelgen-Indrehus må prioriterast i investeringsprogrammet, er det viktig at fylkeskommunen startar arbeidet med å utgreie løysing og finansiering av fjordkryssinga mellom Biskjelsneset og Tongane, samt tilførselsvegar. Dette er eit prosjekt som er tenkt finansiert med bruk av ferjeavløysingsmidlar og bompengar, men vi saknar framdrift i prosjektet både frå det etablerte bompengeselskapet 45-minuttsregionen og fylkeskommunen. Her må ein snarast starte arbeidet med å få godkjent prosjektet som eit ferjeavløysingsprosjekt.