INNSPEL TIL REGIONAL TRANSPORTPLAN FOR VESTLAND

Innleiing

Måløy Vekst kjem her med sine innspel til arbeidet med Regional transportplan. Planen er svært viktig for næringsutvikling, mobilitet, folketalsutvikling og vekst, og vi ser fram til å samarbeide med Vestland fylkeskommune om å realisere målsettingane i åra framover. Vi vil skryte av prosessen som sikrar brei involvering, og høve til å påverke planen på både overordna og konkret nivå.

Om Måløy Vekst

Næringslivet i regionen, representert ved ca. 90 verksemder, og Kinn kommune er aksjonærar/medlemmar i selskapet. Eigarane har mellom 3 og 4 tusen tilsette både lokalt, nasjonalt og globalt, og har ei årleg omsetting på over 15 milliardar kroner årleg. Måløy Vekst er eit serviceselskap for næringslivet, som skal informere og legge til rette for ny verksemd og infrastruktur, gje gründer veiledning, samt vere ein møteplass for næringslivet og kommunen.

Måløy Vekst skal og vere ein samfunnsbyggar. Utan ein grunnleggande tanke om å utvikle samfunnet rundt oss vil det vere vanskelig for oss å skape vekst innanfor dei fleste bransjane som Måløy Vekst representerer. I tillegg skal Måløy Vekst kunne bruke sin tyngde i politiske prosessar der det er hensiktsmessig, og då spesielt med fokus på å drive fram ein positiv nærings- og samfunnsutvikling. Måløy Vekst ynskjer å ha ei tydeleg stemme inn mot offentlege prosessar og bidra til at våre medlemsbedrifter sine behov for vekst og framtidsutvikling vert høyrd.

Innspel til visjonsområda

Vekstkraftig region

Kystregionen på Vestlandet har potensialet til å verte den mest vekstkraftige regionen i landet. Å utnytte potensialet for bærekraftig vekst og utvikling langs kysten føreset ei tydeleg prioritering og satsing på å byggje sterkare bu-, arbeids-, og serviceregionar. Fragmenterte miljø, samt små byar og tettstader utan eit omland innan akseptabel reisetid, er kanskje det største hinderet for å utnytte det vekstpotensialet vi har innan framtidas vekstnæringar.

Vi tilet oss her å nemne blant anna fiskeri, havbruk, energiproduksjon, transport, skipsdesign og konstruksjon, industri, foredling, produktutvikling, teknologi, samt berekraftig reiseliv, som nokre eksempel på næringar som har eit enormt potensiale for bærekraftig vekst og velstandsproduksjon i åra framover, der dei naturgitte føresetnadane, samt kompetansen, erfaringa og innovasjonskrafta allereie ligg i etablerte miljø og lokalsamfunn langs kysten.

Mykje av dette kan løysast med ei tydeleg prioritering av vegsamband og kommunikasjonsløysingar for å knytte kystsamfunna tettare saman. Her vil vi konkret trekke fram Kystvegen Måløy-Florø som eit heilt avgjerande prosjekt, som vil binde samanviktige kompetansemiljø og byggje ein framtidsretta og vekstkraftig bu-, arbeids-, og serviceregion på kysten i nordre del av Vestland.

Effektive båtruter, med rutetider, prisar, og fart som gjer det funksjonelt og effektiv å nytte båten til pendling vil og sikre at ein kan utnytte kompetansen og arbeidskrafta i eit større geografisk område til å utvikle og skape vekst i dei bærekraftige næringane langs kysten. Fart på fartøy, rutetider og prisar må difor tilpassast behovet for effektive og attraktive pendlarruter, spesielt mellom Måløy, Bremanger, Florø og Selje, som trafikkerast av Nordfjordekspressen og Kystvegekspressen.

Bærekraft

I tillegg til at ein langs kysten har dei framtidsretta bærekraftige næringane, så har ein og kompetansen og innovasjonskrafta til å utvikle framtidas bærekraftige transportløysingar. Allereie har ein bygd opp eit sterkt fagmiljø innan teknologi, utvikling, konstruksjon og produksjon av miljøvenlege skip og båtar, og det er viktig at fylkeskommunen bidreg til å støtte, styrke og vidareutvikle denne næringa. Dette kan gjerast blant anna gjennom utviklingsprosjekt og ved å nytte innkjøpskrafta i fylkeskommunen på ein måte som byggjer opp under allereie eksisterande næringsliv langs kysten.

Utvikling av bærekraftige lokalsamfunn må være eit overordna mål i planarbeidet til fylkeskommunen. Her vil vi peike på at det er gjort mykje innan dette feltet i mange av dei store byane, blant anna Bergen, men ein har førebels i liten grad klart å skalere løysingane, slik at dei kan nyttast og i mindre byar og tettstader. Fylkeskommunen bør prioritere å utvikle, skalere og prøve ut løysingar som kan bidra til framtidsretta og bærekraftige lokalsamfunn i heile Vestland.

Måløy Vekst har i snart eit år jobba med SmartBy Måløy prosjektet, som er eit 3-årig prosjekt støtta blant anna med innovasjons- og næringsutviklingsmidlar frå Vestland fylkeskommune. I tillegg til å sjå på bruk av digitale og nye løysingar innan arealplanlegging, næringsutvikling og tenesteproduksjon, så arbeider vi i prosjektet med å utvikle skalerte mobilitetsløysingar tilpassa størrelsen til ein småby som Måløy.

Blant løysingane vi utgreier er både lokale og framtidsretta kollektivtilbod som er tilpassa behov og bruk, mikromobilitetstiltak der vi både ser på regulert bruk av elsykkel og elsparkesykkel, samt fysisk tilrettelegging som gjer det meir attraktiv å gå, sykle eller nytte kollektivtilbod.

Utfordringa i prosjektet er at vi berre har finansiering til å utgreie tiltaka, men tiltaka treng eigne midlar til investering og drift. Både Kinn kommune og andre lokale aktørar har vore positive til finansiering av mange tiltak, men vi ser at det trengs eigne midlar til å teste ut og drifte blant anna tiltak innan kollektiv og mikromobilitet. Vi oppmodar difor fylkeskommunen om å sette av eigne søkbare midlar til uttesting, pilotering og drift av framtidsretta og bærekraftige mobilitetsløysingar. Dette vil kunne få fart på utvikling og realisering av denne typen løysingar over heile fylket.

Godt å bu og leve

Gode og attraktive lokalsamfunn er ein føresetnad for at næringslivet skal kunne rekruttere, skape arbeidsplassar og skape vekst i verdiskaping og velferd. Samferdsle er ofte ein viktig del av dette. Både gjennom å byggje sterkare og større bu-, service- og arbeidsregionar som gjer det muleg å finne servicetilbod, fritidstilbod, bustad og arbeid innan eit større geografisk område, men og med den lokale tilrettelegginga i infrastruktur og mobilitetsmoglegheiter.

For å oppnå gode og attraktive lokalsamfunn treng ein aktivitet og lokale tilbod. Her spelar kommunar, lokalt næringsliv, kulturliv og frivillig sektor ei stor og viktig rolle, men fylkeskommunen kan bidra med lokale mobilitetstilbod og tilrettelegging som gjer det muleg for alle å nytte dei lokale tilboda. I tillegg til å legge betre til rette for gåande og syklande gjennom fysiske tiltak som bygging av gang- og sykkelvegar, så betyr eit effektivt kollektivsystem mykje for moglegheitene for alle til å delta.

Tryggleik er ein viktig faktor for trivsel og bulyst. Difor er det viktig at fylkeskommunen prioriterer trafikksikring i Regional transportplan. Trygg skuleveg, gang- sykkelvegar, møteplassar på smale vegar, rekkverk, rassikring og gatelys er alle viktige tiltak som bidreg til auka tryggleik og trivsel, og sørger for at det er godt å bu og leve i lokalsamfunna i Vestland.

Vi ynskjer og å påpeike behovet for eit godt utbygd breibandstilbod for alle om ein skal være attraktive for busetting og trivsel. I dag er mange arbeidsplassar, samt service-, handels-, og tenestilbod digitale, og dette gjer at alle har behov for tilfredsstillande breiband. Her er det viktig at fylkeskommunen styrkjer satsinga, og bidreg til full breibandutbygging i heile fylket.

Innspel til aktivitetsområda

Fylkesvegnettet

Næringslivet og innbyggjarane langs kysten har ei klar forventning om at fylkeskommunen føl opp tidlegare lovnader om realisering av kystvegen Måløy-Florø. Som første prosjekt må Svelgen-Indrehus inn i investeringsplanen allereie frå 2022, og deretter må ein planlegge og prosjektere ferjeavløysingsprosjektet i ytre Nordfjord. Denne vegen er heilt avgjerande for å oppnå den vekstkrafta ein har i næringslivet og kystsamfunna i åra framover.

Måløy Vekst vil minne om at Statens Vegvesen allereie i 2012 utarbeida ein rapport som synte behov for punktutbetring av fv621 Måløy-Vågsvåg. I rapporten vert det peika på redusert framkomst og høge avstandskostnader pga. dårleg vegstandard (smal, svingete, ujamn veg), behov for sikring av mjuke trafikkantar, ulykker, spesielt utforkjøringsulykker og generelt forfall på vegen. SVV foreslo i 2017 å gjennomføre punktutbetringar på vegen, men dette er førebels ikkje følgt opp i investeringsplanane. Vi ber om at denne strekninga no vert innarbeida i Vestland fylkeskommune sin regionale transportplan med investeringsmidlar.

Vi vil og trekkje fram fv 617 mellom Måløy og Raudeberg som ei svært trafikkfarleg strekning, der det både er smalt, dårleg framkomme og rasutsett. Dette er ein svært trafikkert veg, som og er ein viktig internveg i Måløy. Her er mykje tungtransport, i tillegg til mjuke trafikkantar, og mange har dette som dagleg skuleveg, noko som krev at ein snarast får planlagt og gjennomført tiltak for å betre dei trafikale tilhøva på vegen.

 Den seinare tida har vi opplevd fleire ras på kommunale vegar fleire stader i Vestland. Ofte vil rassikring være store og kostbare tiltak, noko dei færraste kommunar har økonomiske føresetnader for å kunne gjennomføre. Det er viktig at fylkeskommunen, gjerne saman med KS, bidreg til gode finansieringsløysingar slik at ein og kan rassikre på kommunale vegar.

Mobilitet og kollektiv

Vi har allereie peika på mogligheitene som ligg i å utvikle nye og framtidsretta kollektiv og mobilitetstiltak i lokalsamfunna i Vestland. Konkret utfordrar vi fylkeskommunen til å samarbeide med Måløy Vekst og Kinn kommune om å gjennomføre, finansiere og drifte tiltak og pilotar innan lokale kollektiv- og mobilitetstiltak som vert utgreia i SmartBy Måløy prosjektet. Dette kan for eksempel være «Hent meg», utleige av elsparkesyklar og elsyklar, samt infrastrukturtiltak for å legge betre til rette for bærekraftig mobilitet.

Det er viktig at ein nyttar felles digitale plattformer på tvers av kommunikasjonsmidlar for å sikre mest muleg brukarvenlegheit. Ein bør kunne nytte same plattform for å finne opplysningar og løyse billett til alle dei fylkeskommunale tilboda som ferje, båt, buss, bybane eller elsykkel/sparkesykkel. Dette vil gjere det enkelt og attraktiv å nytte dei fylkeskommunale tilboda.

For næringslivet langs kysten, som er svært internasjonalt og eksportretta, så er det viktig med gode flytilbod, slik at ein kjem seg ut til resten av verda. Her ber vi fylkeskommunen syte for korresponderande kollektivtilbod med flytilbodet i Florø. Det må være muleg for reisande frå Nordfjord å nytte seg av flytilboda i Florø, utan å måtte bruke eigen bil eller overnatte. Dette vil og bidra til å styrkje belegget og rutene ved Florø Lufthamn.

Stortinget har vedteke at Stad skipstunnel skal byggjast, og dette gjer store moglegheiter for næringsutvikling og betra kommunikasjonar langs kysten. Det er viktig at Vestland fylkeskommune snarast utgreier moglegheitene for samanhengande båtruter heile vegen til Ålesund. Dette vil løyse ut ein heilt ny arbeidsregion, og vil styrkje moglegheitene for rekruttering til næringslivet langs kysten av Vestland. Utgreiing, planlegging, finansiering, anbod og iverksetting av ei slik rute vil ta tid, så det hastar med å starte arbeidet.

Miljøløftet

Ved overgangen til nye, framtidsretta og bærekraftige løysingar, så er det viktig at brukarane og samfunnet opplever dei nye løysingane som ei forbetring. Ein føresetnad for at innbyggjarane skal ta i bruk nye løysingar, og endre mobilitetsvanane sine er at det er basert på behova som ein har i lokalsamfunna og hos den enkelte.

Det er difor viktig at ein definerer overgangen til ny teknologi og nye løysingar først og fremst på transportbehovet og kor brukarvenleg det er, deretter på teknologisk løysing. Om brukarane opplever at dei nye løysingane er dårlegare eller ikkje tilpassa sitt behov, vil ein fort kunne få motsett effekt av det ein eigentleg ynskjer, at brukarane vel andre løysingar enn dei fylkeskommunen tilbyr.

Båtar, fergjer og bussar må først og fremst sikre regularitet, komfort, brukarvenlegheit og tilpassa rutetider, og så må ein finne dei mest miljøvenlege løysingane som sikrar dette.

Finansiering

Langs kysten finst det mange ferjestrekningar som kan erstattast av vegløysingar innan ferjeavløysingsordninga. Det er viktig at fylkeskommunen prioriterer ferjeavløysingsprosjekta, då dette gjer at ein løyser ut meir investeringsmidlar, og sparer samfunnet for ferjekostnader i framtida. I tillegg sikrar desse prosjekta betydeleg meir effektiv transport av folk og varer, då ein ikkje treng basere transporten på ferjetider. Konkret vil vi peike på behovet for å sette i gang med fjordkryssinga i ytre Nordfjord på kystvegen Måløy-Florø.

Om ein skal få fleire til å nytte kollektive løysingar, så er det viktig at prisnivået er akseptabelt. Det kostar i dag 60.000 kroner å pendle med båt mellom Florø og Måløy internt i same kommune. Dette er alt for dyrt, og bidreg i liten grad til forstørring av buog arbeidsregionen. I tillegg er det viktig at prisnivå og prisstruktur vert harmonisert i heile Vestland, uavhengig av transportform. Det bør ikkje være dyrare å ta båt og ferje enn for eksempel buss og bybane.