Innspel til sak om symjeopplæring i skulane

Vi syner til sak 53/21 til møtet i Oppvekst- og kulturutvalet 18. oktober, om «plan for symjeopplæring i skulane». Vi ynskjer i den forbindelse å komme med nokre innspel til utvalet, men og til resten av politikarane og administrasjonen i Kinn kommune knytt til Nordfjordbadet.

I saka skisserer kommunedirektøren korleis ein skal leggje ein plan for å gjennomføre lovpålagd symjeundervisning for elevane frå måløyområdet når bassenget ved Skram skule vert stengd rundt påsketider i 2022 https://innsyn.onacos.no/kinn/wfdocument.ashx?journalpostid=2021041201&dokid=1493850 &versjon=1&variant=A& Måløy Vekst vil først presisere at det er svært viktig at ein får på plass midlertidige løysingar slik at elevane får best muleg symjeundervisning i ein kortare periode, men vil samstundes peike på at saka syner at det hastar med å få på plass eit badeanlegg i Måløy for å løyse dette permanent.

I saka til utvalet vert det peika på at «det er førebels uvisst når nytt badeanlegg står klart». Denne formuleringa er ganske overraskande ettersom vedtak i kommunestyresak «180/20 – Økonomiplan- og handlingsprogram 2021-2024 Kinn kommune» er at Nordfjordbadet skal byggast i 2023 og skal ha full årseffekt i 2024. Etter vårt syn er det viktig at politikarane er tydelege på denne prioriteringa, og at ein har forventningar om at permanent løysing for symjeundervisning for elevane i Måløyregionen skal være på plass frå 2024.

På vegne av næringslivet i regionen, vil vi utrykke at vi er skuffa over framdrifta i prosjektet. I investeringsplanen som vart vedteke i desember 2020, vart det sett av 1,5 millionar kroner for 2021, og 6 millionar i 2022 for å sikre framdrift, planlegging og prosjektering av Nordfjordbadet. Vi kan ikkje sjå at administrasjonen eller prosjektutvalet har følgt opp dette vedtaket, noko som gjer at ein har tapt eit år med planlegging. Vi forventar at ein både politisk og administrativt no tek tak i saka, og får den framdrifta som var forventa etter vedtaket i desember 2020.

Næringslivet i Måløy har forplikta seg til å bidra med 45 millionar kroner i gåver til realiseringa av Nordfjordbadet, i tillegg bidreg dei med inntil 2 millionar kroner pr år i 5 år til dekking av driftskostnader, totalt 55 millionar. Kombinerer ein dette med tippemidlar og mva- kompensasjon som kommunen får, så er dette den mest økonomisk fordelaktige investeringa Kinn kommune har i investeringsplanen. Vi vil likevel minne om at verken gåve eller driftsstøtte er evigvarande, og det er viktig at verksemdene får eit tydeleg signal om at dette er midlar kommunen vil nytte seg av dei kommande åra.

I ei undersøking gjennomført av Ipsos på oppdrag frå Norges Svømmeforbund og Redningsselskapet syner at berre 41 prosent av dei spurde 10-åringane kan symje 200 meter. 28 prosent svarar «veit ikkje på spørsmålet», 39 prosent oppgjer at dei ikkje klarar kompetansemålet for fjerde trinn. Dette er det dårlegaste resultatet sidan første undersøkinga vart gjort i 2003.

I samband med publisering av resultata frå undersøkinga uttaler utviklingskonsulent i Norges Svømmeforbund, Jan Kjensli, at årsaka til dei låge tala kan være for lite symjeundervisning på skulen og at kvaliteten på undervisninga er for dårleg.

https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/hele-norge-svommer_-10-aringene-er-blitt-darligere- til-a-svomme-1.15520081

Vi er samd i at ein må finne gode førebelse løysingar for å sikre god nok symjeundervisning til elevane frå måløyområdet, slik at flest muleg vert i stand til å oppnå kompetansemåla i fagplanen. Samstundes er vi svært bekymra for om ein vil være i stand til å sikre nok tid og kvalitet til symjeopplæring med dei midlertidige løysingane.

Å nytte Havhesten i Florø og kombinere dette med andre aktivitetar som newtonrom, kystmuseum, og liknande, er i utgangspunktet positivt. Samstundes vil kapasitetsutfordringar ved Havhesten og høge reisekostnader gjere til at dette truleg vil være ganske få gonger i løpet av eit skuleår. I tillegg vil bruken av Havhesten og kunne føre til lågare kapasitet til symjeundervisning for elevane frå florøområdet som allereie nyttar anlegget.

Vi er og positive til å prøve å leggje til rette for midlertidig symjeopplæring utandørs, men vi fryktar at å være avhengige av været for å kunne oppnå tilstrekkelig symjeundervisning for å nå kompetansemåla er i overkant risikabelt. Kompetansemålet i symjing er tross alt det einaste kompetansemålet i skulen som kan ta livet av deg om du ikkje når det.

Vi vil peike på at dei førebelse løysingane vil føre til relativt høge kostnader for kommunen. Kommunen betalar idag 1,5 millionar kroner årleg for symjeundervisninga ved Havhesten i Florø, og vi reknar med at dei mellombelse løysingane minst vil føre til same utgift når ein tek med alle kostnader til anlegg, transport, sikkerheitsutstyr og ekstra personalkostnader, truleg endå høgare. Dette er driftskostnader som snarast råd heller bør verte ein del av driftskostnadane til eit nytt Nordfjordbad.

Sjølv om vi har forståing for at ein må finne midlertidige løysingar til symjeundervisning for elevane i måløyområdet når bassenget ved Skram skule vert stengd, så ber vi politikarane og administrasjonen om å snarast råd prioritere framdrifta for å realisere Nordfjordbadet. Dette vil sikre ei god og heilskapleg løysing for å gjere elevane i stand til å nå kompetansemåla, og motverke risikoen for drukningsulukker.

Skrevet av Frank Willy Djuvik, seniorrådgiver i Måløy Vekst