Torsdag 13. juni arrangerte vi SkaparCamp for aller fyrste gong! SkaparCamp er eit læringsopplegg som Måløy vekst har utvikla i samarbeid med Vågsøy Ungdomsskule, for å inspirere ungdommar til innovasjon og det å skape sine eigne arbeidsplassar.
13. juni samla vi heile 8. trinn på Parken Kulturhus til ein heil skuledag med fokus på å skape kreative og berekraftige løysingar. Nokre av gruppene skulle bistå selskapsklynga Sea Technology i å utvikle ein passasjerbåt som kunne brukast til til dømes turisme og arrangement. Båten skulle vere miljøvenleg, brukarvenleg og ha eit estetisk godt design. Dei andre gruppene fekk hjelpe Måløy Adventure med å utvikle forslag til opplevingar som dei kan tilby til cruiseturistar og grupper. Her måtte ungdommane tenkje over kva turistane ønskjer å oppleve når dei er på besøk, korleis dette er mogleg å løyse, korleis ein kan marknadsføre dette, og ikkje minst korleis ein kan oppleve Måløy men minst mogleg klimaavtrykk. Målet med oppgåvene er at elevane skal få erfaring med å utvikle nye produkt og løysingar som kan inspirere dei til å utvikle nye næringar og arbeidsplassar i vårt lokalsamfunn.
På programmet stod også eit føredrag av Sindre Kvalheim, dagleg leiar i LocalHost og Vyrd. Han fortalde om kva det vil seie å vere ein gründer, korleis ein kan skape sin eigen arbeidsplass og reisa han sjølv har hatt som gründer og næringsdrivande.
På slutten av dagen fekk alle gruppene presentere sine produkt for juryen, som vurderte vinnarane av ulike prisar: innovasjonsprisen, bærekraftprisen, beste presentasjon, marknadsføringsprisen, designprisen, samarbeidsprisen, samt dei totalt beste løysingane frå dei to oppgåvene. Elevane gjorde grundig arbeid i oppgåvene, og oppdragsgjevarane har fått mange gode innspel som dei kan ta med seg vidare.
Vi ønskjer å takke Sparebanken Sogn og Fjordane som bevilga prosjektmidlar til dette arrangementet, samt våre sponsorar Advaco, Mhservice, Båtbygg, Fjord Services, Babord Group, Måløy Adventure og UNU AS som gjorde det mogleg å få til SkaparCamp!