Jakta på draumejobbet i framtidsfylket

Blant dei fleire hundre frammøtte var også lokale ungdomar frå Vågsøy til stades på Framtidsfylket si tradisjonsrike karrieremesse i Grieghallen. Frå Vågsøy var Coast Seafood og Måløy Vekst representert på stands.

Eg er her for å promotere næringslivet i regionen på Nordfjordrådet sin stand. Vi stiller med ei felles liste over ledige stillingar, mange av dei er frå Vågsøy, fortel Randi P. Humborstad i Måløy Vekst.

På Coast Seafood sin stand står Veronica Silden (24) frå Deknepollen og Jill Aasen Hole (24) frå Åheim. Dei fekk begge jobb som trainee i fjor haust via Framtidsfylket sitt traineeprogram, og begge har takka ja til fast jobb i bedrifta. I dag står dei på motsett ende av situasjonen der dei skal snakke med studentar og rekruttere til heile sju ledige stillingar, i tillegg til to traineestillingar.

Vi har hatt besøk av ein del kjentfolk frå Vågsøy, men òg folk frå Florø, Bremanger, Bergen og andre stader har vore innom og vist interesse for stillingane, fortel dei.

Lokale ungdomar: Randi P.Humborstad i prat med utflytta ungdom.

 

Leiter etter det ekstraordinære
Ein av dei som er innom Coast Seafood sin Stand er Shahez Shwana (23) frå Måløy. Han studerer på NHH og kunne tenke seg å flytte heim på eit tidspunkt, men for at det skal skje må jobbmoglegheitene vere ekstraordinære.

Med det meiner eg at det er viktig at ein får utvikle seg, vise seg fram, og at ein har moglegheit for å kunne stige i gradene, forklarar Shahez.

Han nemner Lefdal Mine Datacenter og Coast Seafood som kule selskap han kunne tenke seg å bli betre kjend med. Han er nysgjerrig på traineestillingene som Coast-jentene anbefaler, men er likevel litt skeptisk.

Vi har eit fantastisk næringsliv i Vågsøy. Likevel, eit heilt år i Måløy no når eg er i «utforskingsfasen» av livet følast på mange måtar som ei stor investering, forklarar han.

Veronica og Jill som begge flytta heim rett etter studie, kan forsikre Shahez om at det ikkje er feil med eit år i Måløy.

Då eg søkte på stillinga som trainee tenkte eg at det var midlertidig. No har eg fått fast stilling og trivast veldig godt i jobben og i Vågsøy elles, så no blir eg værande, seier Veronica.

Karrieremesse nr.13: Gro Rukan takkar for seg etter 5 år som dagleg leiar i Framtidsfylket.

Råder bedriftene til å tenke langsiktig
I forkant av karrieremessa har Shahez tenkt mykje på dette med å flytte heim, og korleis ein kan få ungdomen tilbake til distrikta.

Eg meiner at bedriftene må sette seg betre inn i tankegangen til studentane, og forstå at mange gjerne vil oppleve og erfare andre stader før ein vender snuta heim. Selskapa bør tenke nytt og jobbe meir langsiktig for å appellere til utfytta ungdom, vere organiske og for eksempel etablere kontor på større stader, dersom ein har moglegheit. På den måten kan dei vere med og bidra til at ungdomen kan utvikle seg.

Han forklarar vidare.

For eksempel trur eg lokale ungdomar er frustrert over at det ikkje finnast så mange relevante sommarjobbar eller internships i Vågsøy. Bedriftene må la ungdomen få spreie vingane sine, då trur eg oppriktig at fleire vil kome heim på sikt, avsluttar han.