Knallstart for Ungt Nettverk Måløy med Kick Off på bowlingen!

Torsdag 16. februar sparka vi i gong konseptet Ungt Nettverk Måløy med bowling. Med nesten 40 påmeldte var det fullt opp på kvar einaste bane!

Deltakarane hanka inn både poeng og nye relasjonar  Vi i arrangørgruppa hadde sett saman lag i forkant i håp om å få blanda både vennegjengar og arbeidsplassar. Målet var å få sett i gong samtaler mellom folk som kanskje aldri har snakka saman før, og det synest vi absolutt at vi lukkast med! Det var både latter og smil å oppdrive på samtlige av dei 6 banene.

Fleire arrangement framover

Vi håpar at alle som møtte på Kick Off hadde ein fantastisk kveld! Det hadde iallefall vi! No ser vi fram til enda fleire kjekke arrangement framover, men vi håper at du vil tipse oss om noko du ønskjer å delta på! Fyll gjerne ut spørreskjema HER.

#UNMåløy #UngtNettverkMåløy