Knytta kontakt med næringslivet på første Måløytreff i byen

– Berre sjå her på alle dei ulike bedriftene og moglegheitene som fins i Måløy!

Daniel Storelid, ingeniør i Selstad

Torsdag 16. november arrangerte Måløy Vekst Måløytreff i Trondheim for aller første gong. Konseptet Måløytreff går ut på at vi tek med oss lokale bedrifter for å vise fram moglegheitane som fins i næringslivet og arbeidslivet i Måløy. Denne gongen var det Sea Technology, Selstad, Fiskevegn og Kinn kommune som tok turen saman med oss.

Alle bedriftene som deltok har eit rekrutteringsbehov, men ikke alle har utlyste ledige stillingar til dømes på finn.no.

– Vi veit at vi står framfor ei utvikling og proffesjonalisering, og vi vil få eit større behov for kompetanse i tida som kjem.

Magne Fure, Fiskevegn

Svært nøgde med første arrangement i byen

Under arrangementet var det både påmeldte med tilknytning til Måløy og omeign, men også ein del andre med interesse for bedriftene som deltok eller andre moglegheiter i Måløy.

– Vi oppfatta at det var stor interesse blant dei oppmøtte for å lære meir om moglegheitane som fins i næringslivet i Måløy og vi er veldig fornøgde med interessa for å knyte kontakt med bedriftene. Det var mange som oppsøkte bedriftene direkte for å lære meir om kva dei kan tilby.

Seline Larsen, kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst

Det var rundt 35 oppmøtte under dette treffet, som fann sted på Lager 11 i Trondheim.

– Vi er svært nøgde med første gjennomførte Måløytreff i Trondheim og vi satsar på at vi kjem tilbake allereie i løpet av neste år.

Seline Larsen, kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst