🎙️Kommunalsjefen for alt som er moro – om Måløy, bustader og byråkrati

Han har ansvaret for alt frå kultur til byutvikling – og blir spøkefullt kalla «kommunalsjefen for alt som er moro».

I den nyaste episoden av Mandagsmøte fortel Rolf Bjarne Sund, kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø i Kinn kommune, om arbeidet med den nye arealplanen – og kvifor den er så viktig for framtida til Måløy.

– Planen er det viktigaste styringsverktøyet kommunen har for å legge til rette for utvikling. Utan oppdatert plan blir alt frå bustadbygging til næringsetablering unødvendig tungvint. No må vi få denne på plass slik at folk og bedrifter kan satse trygt vidare, seier Sund.

Vil skape byliv og bustadar for framtida

I episoden forklarer Sund korleis planen legg opp til meir fortetting i Måløy sentrum, nye bustadprosjekt i område som Gate 8 (Kongshaugen) og Deknepollen, og betre tilrettelegging for unge som vil etablere seg.

– Vi må tenke smartere, bruke areala vi har, og skape fleire bu-mogleikar i sentrum. Det gir liv i byen, seier han.

Han peikar også på kor viktig det er å ha næringsareal tilgjengeleg for både små og store verksemder.

– Det er ikkje berre dei store etableringane som driv kommunen framover. Dei små lokale initiativa betyr mykje, seier Sund.

Frå byråkrati til gjennomføring

Planarbeidet har vore krevjande, med over 400 høyringsinnspel og omfattande krav frå statlege etatar.

– Vi må balansere regelverk med realisme. Det er byråkratisk, men nødvendig, meiner Sund.

Likevel er han optimist: planen skal etter planen bli vedteken før påske.

Heile praten – full av innsikt, humor og eit par gode historier frå kommunelivet – kan du høyre i Mandagsmøte 🎧

Sjå fleire episoder av podkasten Mandagsmøte