Kva teine er dette? Dykk er fra Måløy så de har ikkje lov å svare feil.
Arthur Almestad, Forskningsrådet
Det riktige svaret er ei reketeine. Teina er eit eksempel på eit innovativt produkt bert fram av forsking og utviklingsprosessar. Målet var å skape ei reketeine som likna på canadiske reketeiner, men som ikkje var like skadeleg for rekene men også meir skånsom mot havbotnen.
Her har dei tatt ein ide, utvikla eit innovativt produkt, og dei har hatt systematisk kunnskapsutvikling. Dette er innovasjonen, og læringsprosessen som er forut er det som ligg i forskningsbiten.
Arthur Almestad, Forskningsrådet
FoU-fokus mot felles mål
Tysdag 28. november arrangerte Måløy Vekst og Studiesenter Kysten til FoU-samling på Parken kulturhus med fokus på kompetanse innovasjon og forskning. Både Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge, Forskningsrådet, OFS, Sea Technology og Aksello for å prate om dette temaet.
Styresmaktene har sett klare mål for norsk næringsliv der ein innan 2030 skal redusere klimagassutslipp, auke fastlandseksport, samt at forskning og utvikling skal utgjere 2% av BNP. Forskning-, innovasjon- og utviklingsprosessar vil vere viktige hjelpemiddel for ei bærekraftig næringsutvikling i framtida.
Det er innovasjon som er målet. Og forskingene og utviklingsprosessane er middelet for å realisere innovasjon.
Arthur Almestad, Forskningsrådet
For å nytte forskning- og utviklingsprosessar til utvikling i næringslivet er det viktig å ha tilgang på riktig kompetanse, særleg i distrikta. Studiesenter Kysten arbeider for nettopp dette ved å leggje til rette for kompetanseheving i næringslivet.
Vi er der det skjer med heile 7 ulike utdanningshubar.
Reidar Grønli, Studiesenter Kysten
Korleis effektivt nytte seg av verkemiddelapparatet?
Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Forskningsrådet la fram korleis ein kan nytte deira verkemiddel i FoU-arbeid.
Det er fullt mogleg å sende oss ei skisse på eit prosjekt dersom ein er usikker på kvar ein skal byrje, så kan vi bidra til å vurdere korleis ein går vidare med dette, innovasjon
Jørgen Ulrik Berg, Innovasjon Norge
Dagleg leiar i OFS, Trond Inge Kvernevik presiserte viktigheita av å unngå kulturkræsj når forskningsinstitusjonar og næringslivet møtast.
Sviktande forutsetningar når bedrifter søker offentleg støtte eller ekstern ekspertise kan tidvis ramme prosjekter.
Trond Inge Kvernevik, OFS og Onshore Technologies