Kystvegen Måløy-Florø må realiserast

Del dette INNLEGGET

Brev frå næringslivet om kystvegen
Dette innspelet er på vegne av 102 verksemder i kommunane Kinn og Bremanger, med totalt 3767 tilsette og ein årleg omsetnad på mellom 13 og 15 milliardar kroner

For utviklinga av næringslivet langs kysten og vidare vekst i våre verksemder, så er det heilt avgjerande at kystvegen frå Måløy, via Svelgen, til Florø, vert realisert; og at ein no kjem i gang med realiseringa av første prosjekt som er fv 614 Svelgen-Indrehus. I tillegg må ein starte arbeidet med planlegginga av ferjeavløysingsprosjektet mellom Tongane og Biskjelsneset i ytre Nordfjord.

Ein styrka infrastruktur langs kysten vil betre tilgangen til arbeidskraft, knyte saman fagmiljø, sikre lågare transport- og produksjonskostnader, auke veksten og lønnsemda i bærekraftige framtidsnæringar, samt bidra til lågare utslepp gjennom betra tilgang til hamner for å få gods over frå veg til sjø.

Kystvegen Måløy-Florø knyter saman kommunane Stad, Kinn, Bremanger og Sunnfjord til ein felles bu- og arbeidsmarknad på ca 50.000 innbyggjarar. Det er det enkeltprosjektet i tidlegare Sogn og Fjordane som har desidert størst effekt på utvikling av større bu- og arbeidsmarknader, då det knyt saman nær halvparten av alle innbyggjarane i det tidlegare fylket.

Næringslivet langs kysten har i mange år framheva viktigheita av Kystvegen, og kva det betyr for vidare vekst og utvikling. Vi ber no om at dette vert teken på alvor av Fylkestinget, og at ein kjem i gang med realiseringa.

Vi vil peike på «Regional strategisk plan for kysten», som Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i juni 2018. Planen sitt hovudmål er å skape «ein kystregion som er attraktiv, med folkevekst, vekst og berekraft i næringslivet og fleire gjestande». Planen inneheld fire satsingsområder, blant anna «knyte saman kysten med betre infrastruktur» og «auka skaparkrafta og evna til nyskaping». Dette er målsettingar som bør forplikte politikarane til å handle, og bidra til den utviklinga dei sjølv har vedteke at dei ynskjer.

Vi har ei forventning til at Vestland fylke løfter kommunikasjon langs kysten høgare i prioriteringane i åra framover, då kysten frå Bergen og nordover i liten grad får positive lokale og regionale effektar av riksveginvesteringar. Dette vil være heilt avgjerande for konkurransekrafta til næringslivet, og sikre vekst og verdiskaping i åra framover.

Med helsing

Net Partner AS
Easyform AS
Skipskompetanse AS
Fjord Services AS
Baug Boats AS
Fjord Marin Invest AS
Flora Industri og Næringsforening
Fjord Offshore AS
Skibenes & søn AS Sætren AS
Fjord Shipping AS
Local Host AS
Vest-Norges Fiskesalslag Selstad AS
Sea Technology AS
Måløy Verft AS
CENS AS
Baatbygg
Coast Seafood AS
Måløy Treningssenter
Måløy Vekst
Stadyard AS
Verlo AS
Babord Group AS
Havstjerna AS
Havstjerna Eigedom AS
Iglandsvik b&b
Tømrerfirma Lågeide & Nesbakk AS
Havfront
Ferstad installasjon
Spar Bremanger
Byggtorget Ytrehus Sag
Bremanger Bygg AS
Hydraulikk og Motor AS
Dimeq AS
Pro Ocean Crew AS
Per Arild Frøyen
Regnskapsoptimisten AS
Kaia Mat og Service AS
Pelagia avd Kalvåg
Fiskeindustrien på Kalvøya Kalvåg
A til Å Grafisk Design og Media AS
AB Eiendom AS
Accountor Førde AS
Advokatfirmaet Blikra
Slotterøy & Fonn avd Florø AS
Allbygg Florø
Auto 8 8 Forum . Avd Florø
Avinor Florø Lufthamn
BB Servicesystem AS
Byggservice AS
Deloitte AS
DK Ferdigbetong AS
Ecit Sogn og Fjordane As
Equinor ASA
Ewos AS
Fanevik Bygg AS
Fjord 1 AS
Flora Hamn KF
Florø Rør AS
Fokus Elektro AS
Folkeuniversitetet Vestlandet
Grind AS
GS Maskin AS
HippHipp Flora
INC Invest AS
IOS Tubular Management
iVest Consult AS
Jon Strømsnes AS
K. Jansen AS
Kinn Regnskap AS
Kruse AS
Kvartal 28 Florø AS
Local Host AS
LP Trading AS
Marø Havbruk AS
Multi Maritime AS
NAV Flora
NCC Norge AS
Neptun Energy Norge AS
Niprox Technology AS
Nor Tekstil AS
Norblikk AS
Norwell
Novaform Førde As
Origod AS
Petroleum Services AS
PWC AS
Proffpartner Florø/Snorre Jernvare AS
Quality Hotell Florø
Ramco Norway AS
Ramsdal Maskin AS
SAR AS
SFE Nett AS / Linja
Slakteriet AS
Solvens AS
Sparebanken Sogn & Fjordane
Sparebanken Vest
Tess Nord AS
Trygve Ullaland AS
Vestlandshus Florø AS
Vestnes Ocean AS
Victoria Hotell Florø AS
Walcon Maritime AS
Westcon Yards Florø AS