Tysdag 21. februar slapp reiselivsselskapet Måløy Adventure nyheita om at dei har vunne anbodet om å bli MSC Cruises sin utfluktsagent i Måløy. Kontrakten er 2-årig med opsjon på 1 år.
«Dette er ein svært viktig milepåle for Måløy Adventure, og noko vi hadde mål om å oppnå i løpet av dei tre første åra. At vi no oppnår det allereie 6 månader etter at selskapet vart stifta er svært gledeleg» seier dagleg leiar Frank Willy Djuvik.
MSC Cruises er enkeltrederiet med størst aktivitet i Måløy i 2023. Dei har planlagt 10 anløp med kapasitet på til saman 55.000 besøkande. Rederiet reknar med eit belegg på mellom 80 og 90 prosent, noko som betyr at det kjem ein stad mellom 44 og 48 tusen gjestar med MSC skip til Måløy i år.
Blant ringvirkningene lokalt er ein av gevinstane at selskapet får lokal kontroll og kapasitetsstyring på utfluktene og aktiviteten på dagane MSC har sine anløp i Måløy.
«Vi er no komen i ein posisjon der vi samarbeidar tett med både rederi og Nordfjord Havn om å utvikle mest mogleg berekraftige løysingar og produkt, for å sikre at ein får mest mogleg lokal verdiskaping med minst mogleg belastning» fortel Djuvik.
Få månadar til det første store oppdraget
Årets første cruiseskip i Måløy klappar til kai 15. mai, og 19. mai kjem det første MSC-skipet.
«Vi har god oversikt over alt som må på plass før sesongen startar, og vi jobbar no systematisk med å få på plass alle produkta, guidane, transportmidlar og systema som må vere på plass før oppstart» fortel produkt- og utfluktsansvarleg Anette B. Jahre.
I tillegg til kontrakta med MSC jobbar selskapet også med produkt, utflukter og aktivitetar til dei andre cruise anløpa, samt generelt reiseliv og besøksaktivitet. Måløy Adventure går ei svært hektisk tid i møte med førebuingar, og dei har allereie starta med å tilsette guidar og personell til årets sesong.
«Vi skal tilsette mange guidar og tek gjerne i mot søknadar. Vi oppmodar særleg studentar, pensjonistar og andre som har tid og moglegheit til å ta kontakt. Om ein kan tysk, spansk, fransk eller italiensk får ein også litt ekstra betalt» smiler kommunikasjonsansvarleg Seline Larsen.
Ein kan søke om å bli guide HER.
Måløy Adventure AS blir drive av Måløy Vekst og Måløy Vekst sine tilsette Frank Willy Djuvik, Anette B. Jahre og Seline Larsen.