Velkomen til oss sjå video: Måløy legesenter
Kinn kommune har ledig fleire fastlegeheimlar som sjølvstendig næringsdrivande ved Måløy legesenter. Heimlane er ledig for snarleg oppstart. Søknadsfrist: Snarast.
Legekontoret har eit fagleg sterkt kollegiet med totalt 9 faste heimlar og ein LIS1 knytt til kontoret. Alle fastlegane har ein forsterka 8:2 avtale. Alderssammensetninga blant legane på kontoret er mellom 30 – 60 år. Det er tre legar som er spesialistar i allmennmedisin, dei andre er under spesialisering (ALIS). Du vil få rettleiing av spesialist på kontoret. Det er eit godt arbeidsmiljø og tilrettelagt for læring. Det er ei samansett pasientpopulasjon og varierte arbeidsoppgåver. Listestorleik på fastlegelistene er 800 pasientar. I ein oppstartsfase kan det for legar i starten av spesialiseringa avtalast redusert listelengde ei periode.
Kontoret har tilsett legar og hjelpepersonell med lang erfaring og faglig kompetanse. Hjelpepersonell i kontoret er kommunalt tilsett.