Måløy marine ressurssenter

Det nye vekstselskapet i Vågsøy, ved dagleg leiar Randi Paulsen Humborstad, ønska velkomen til presentasjon av eit samarbeidsprosjekt mellom dei marine bedriftene i Måløy-regionen, Måløy vidaregåande skule og Fakultetet for biovitenskap (BIOVIT) ved Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU) på Ås. Humborstad kunne fortelje at Måløy marine ressurssenter (MMR), ved det nye vekstselskapet i Vågsøy, og fakultetet for BIOVIT, har signert ei intensjonsavtale med mål om å jobbe fram eit konsept for økt samarbeid mellom BIOVIT, marine bedrifter i Måløy-regionen og Måløy vidaregåande skule. Eit slikt samarbeid skal legge til rette for å danne ein forskingsinfrastruktur i Måløy der ein kan drive aktivitetar og tenester innan marin FoU.

Paulsen Humborstad konstaterte at hovudmålet med prosjektet er å etablere eit lønnsamt FoU-senter i Måløy, som legger til rette for at studentar, forskarar og bedrifter i samspel kan nytte seg av senteret, og at slike samarbeid kan gi varige lokale arbeidsplassar innan marin FoU.

Prosjektleiar, Roger Bergset frå Segel AS, forklarte til forsamlinga at prosjektet er i startfasen der ein jobbar med å konkretisere kva MMR skal innehalde. Han kunne også fortelje at målsettinga for våren 2018 var å danne eit forprosjekt der ein tar sikte på å lære av dei som har gjort liknande ting før. Fokus i starten vil vere på bedriftene i ytre Nordfjord, men ein tar sikte på å utvide det geografiske omfanget steg for steg. Bergset var tydeleg på at senteret vil gi synergieffektar og bygge opp mange miljø.

Dekan ved BIOVIT, Kari Kolstad, og professor Trond Storebakken, var til stades for å presentere NMBU og fakultetet for biovitenskap. Kolstad presiserte at fakultetet ser viktigheita av å bygge bru mellom utdanning, næring og samfunn. I prosjektet MMR ønskjer fakultetet å kome enda nærmare industrien enn dei er vand med å gjere. Dette vil blant anna gi nye moglegheiter i undervisningskvalitet og hypotesesetting ved universitetet. I eit slikt samarbeid er tanken at BIOVIT kan bistå med master- og doktorgradsstudentar, som kan utføre prosjekt på oppdrag frå bedriftene.

(Saken fortsetter under bildet)

Stor entusiasme
Dagleg leiar i Ecobait AS, Ole Humborstad, kunne fortelje at Ecobait allereie jobbar tett med BIOVIT-instituttet på NMBU, og særskild med professor Trond Storebakken. Ecobait er ei lokal FoU-verksemd som forskar på å utvikle eit nytt fabrikkert miljøvennleg agn til line- og teinefiske. Ingen har fått til å lage eit slikt agn enno, men Humborstad viste til optimistiske utsikter og sa at han har tru på at Ecobait er dei som skal få det til.

Humborstad forklarte kor viktig det har vore med eit tett samarbeid mellom lærestad og næring i deira forskingsprosjekt. I samarbeidet med NMBU har Ecobait blant anna fått tilgang på spesialkompetanse og forskingsfasilitetar. Per dags dato har bedrifta knytt seg til 1 bedrifts PhD og 5 studentar på bachelor- og masternivå, som arbeider med oppgåver for selskapet. Verksemda har aksjonærar frå 18 linerederi frå heile landet, i tillegg får dei FoU-støtte frå fiskeri og havbruksnæringens forskingsfond. Ecobait hadde valet mellom å utføre alt FoU-arbeid andre stader, eller bidra til å få etablert eit FoU-miljø i Måløy. Dei har vald å bli med på satsinga av Måløy marine ressurssenter, nettopp fordi dei ser store moglegheiter for seg sjølv, for utdanningsinstitusjonar og for andre lokale bedrifter ved eit slikt samarbeid.

Rektor ved Måløy vidaregåande skule, Åsta Navelsaker Røed, avslutta presentasjonsrunden med å skryte av det nære samarbeidet skulen har med det lokale næringslivet. Ho fortalde om eit samarbeid der næringslivet er opptatt av, og gir innspel til undervisning. Vidare fortalde ho om Måløy vidaregåande skule sin undervisningskonsesjon for oppdrett av laks og aure. Dette er eit godt eksempel på korleis samarbeid mellom samfunn, næring (Marine Harvest) og lærestad (MVGS) har gitt fantastiske moglegheiter for utdanning- og rekruttering til dei marine næringane.

Oppsummert kan ein med tryggleik seie at det blir svært spennande å følgje dette prosjektet vidare. Mange sterke aktørar er med på laget, og etter denne samlinga kan ein slå fast at det er stor optimisme, engasjement og vilje til å lukkast med eit marint FoU-senter i Måløy.