Tysdag 14. oktober samla Måløy Vekst studentar, unge vaksne og bedrifter frå regionen til Måløytreff i Ålesund.
På Dampsentralen blei det ein kveld full av energi, gode samtalar og inspirasjon – akkurat slik vi håpte.
Seks bedrifter frå Måløy-regionen deltok: Coast Seafood, Mowi, Paneda, Local Host, Kinn kommune og UNU.
Bedriftene representerte eit breitt spekter frå teknologi og bygg til sjømat, oppdrett, IT og offentleg sektor, og gav deltakarane eit ekte innblikk i kva slags karrierevegar som finst på kysten.






– Vi ønskjer å vise at det skjer mykje spanande i Måløy-regionen, og at det finst karrieremoglegheiter for nesten alle fagretningar. Det var fantastisk å sjå så mange engasjerte studentar. Praten gjekk lett, og det var god stemning, seier Anne-Stine Meland i Måløy Vekst.
Under treffet delte Local Host korleis selskapet har vokst frå Måløy til fleire kontor i landet, utan å miste den lokale forankringa. Coast Seafood og Mowi fortalte om mangfaldige jobbar i sjømatnæringa, og korleis traineeordningar har gitt nye rekruttar ein pangstart. Paneda presenterte teknologi frå Måløy som blir brukt internasjonalt, og at dei for tida er på jakt etter fleire til laget. Kinn kommune viste korleis dei jobbar med velferdsteknologi og nye løysingar for framtidas helsearbeid, medan UNU fortalde om prosjekt og moglegheiter innan bygg og anlegg i Nordfjord.
Treffet blei avrunda med mingling, pizza og nettverksbygging, og praten heldt fram lenge etter at programmet var ferdig.
– Det er nettopp slike møteplassar som dette som gjer at folk får augene opp for alt som skjer i Måløy. Mange vart overraska over kor breitt næringslivet vårt eigentleg er, seier Meland.
📍 Måløytreff i Ålesund blei arrangert av Måløy Vekst for å skape kontakt mellom studentar, unge vaksne og næringslivet i regionen.