Måløy Vekst tek leiinga i det lokale fiberselskapet

Måløy Vekst Fiber vart oppretta i 2011. Målet var å få utbygd fiber til næringslivet i regionen raskare og betre enn konkurrerande regionar. 

I eit samarbeid mellom selskapet, lokale bedrifter, tidlegare Vågsøy kommune og statlege løyvingar fekk ein anledning til å bygge ut ein av landets beste infrastrukturar, lenge før det vart vanleg utanfor Oslo-gryta. Det vart lagt sjøkablar nordover til Raudeberg, innover i Blålida, over til Deknepollen og til Trollebø. I tillegg vart det gravd og lagt fiber i den sørlege delen av sentrum i Måløy og mange andre kortare lokale strekk. 

Mykje nett for pengane for lokalt næringsliv

Fiberselskapet kan kjøpe inn internett-tenester i bulk frå store leverandørar som til dømes Telenor og Enivest og distribuere dette vidare til alle bedriftene som er tilknytta nettet dei disponerer. 

«Dette resulterer i at bedriftene både blir knytt saman og at dei får tilgang til svært høge hastigheiter og kapasitetar til svært låge prisar», seier styreleiar Einar Rune Sætren. 

“Ein får mykje for pengane. Vi har aldri sett grenser på hastigheita”, legg Stig Ødegård i Local Host til.

Han er teknisk ansvarleg for Måløy Vekst Fiber og er med  å sikre at kundane til ei kvar tid får dei tenestene dei skal ha.

“I tillegg er overvakinga av fibertraseane som kommunen gjer via Nordfjordnett svært nyttig for å avdekke feil slik at vi kan sette inn raske tiltak for å redusere nedetida”, seier Ødegård.

Stod utan dagleg leiar etter “skilsmissa”

Då dette eventyret starta var det Måløy Vekst AS som eigde Måløy Vekst Fiber, men i samband med fusjonen som skjedde då Nordfjord Vekst AS vart etablert, med bedrifter frå heile Nordfjord, vart det oppretta eit eige aksjeselskap for fiberselskapet der eigarane vart dei gamle lokale aksjonærane i Måløy Vekst AS. Det blei vald eit eige styre som overtok den daglege drifta, noko som fungerte bra sidan dei har god støtte av driftsavtala med IT-bedrifta Local Host i Måløy. 

Ved årsskiftet 2017-2018 vart Nordfjord Vekst AS lagt ned og vekstselskapet Måløy Vekst AS blei re-etablert med dei same lokale eigarane som før.  

“Men utfordringa har heilt sia «skilsmissa» med Måløy Vekst AS vore at selskapet ikkje har hatt ein Dagleg Leiar”, seier Einar Rune Sætren.

Det har vore sitjande styreleiar som sjølv har måtte utøve denne rolla, noko som til tider har vært utfordrande. Det har også vært ein del forvirring blant kundar og leverandørar som gjerne kontakta Måløy Vekst AS først, når dei skulle ha tak i fiberselskapet.

Fiberselskapet kjem heim

Seniorrådgjevar i Måløy Vekst AS, Frank Willy Djuvik, vert no Dagleg leiar og vekstselskapet tek no over dei administrative oppgåvene og den daglege drifta i Måløy Vekst Fiber AS.  

No kjem Måløy Vekst Fiber heim til Måløy Vekst, som vil drive det administrative og den daglege leiinga, i tett samarbeid med styret, eigarane og Local Host.

“No går vi tilbake dit vi var. Vi beholder selskapet, men Måløy Vekst blir frontfiguren i fiberselskapet” avsluttar Sætren.