Næringslivet treng nytt opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule

testskip videregående

Måløy Vekst ber fylkespolitikarane om å lyse ut ny konkurranse for å byggje nytt opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule, så snart som råd.

Forrige veke vart det kjend at fylkesrådmannen i Vestland hadde avlyst den pågåande konkurransen for å få bygd nytt Opplæringsfartøy ved Måløy vidaregåande skule, grunna kostnadsoverskridingar.

Nærings- og vekstselskapet Måløy Vekst har no sendt eit brev til fylkespolitikarane der dei ber politikarane snarast råd lyse ut konkurransen på  ytt, skriv dei i ei pressemelding. – På vegne av næringslivet på kysten ber vi om at politikarane i Vestland fylke vedtek snarast råd å utlyse ein ny konkurranse til bygging av eit nytt, moderne og framtidsretta opplæringsfartøy, slik at ein får dette på plass for å sikre rekruttering og utdanning av norsk ungdom til landets viktigaste framtidsnæring. Vi har inga tid å miste, skriv Måløy Vekst i brevet.

Dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad, seier at dei var svært skuffa då dei fekk vite at fylkesrådmannen hadde avlyst konkurransen om nytt opplæringsfartøy. – Måløy er ei av Norges største fiskerihamner, og den største i Vestland fylke. Kommunane langs kysten av Vestland har stor sysselsetting innan marine og maritime næringar, spesielt innan fiskeri og havbruk, og dette er ei svært viktig næring langs heile kysten. Moderne opplæringsfasilitetar som sikrar attraktivitet til utdanningsprogramma er heilt avgjerande for rekruttering til utdanningane, og seinare høve til rekruttering av kompetent arbeidskraft i næringa, seier ho.

-Måløy vidaregåande skule har lang tradisjon med opplæringsprogram i marine og maritime fag, og eit kjenneteikn ved skulen er det tette samarbeidet med næringa i fylket. Næringa ser at skulen er ein god stad å rekruttere fagfolk, og stiller med praksisplassar under utdanninga og seinare lærlingplassar. Elevane på akvakultur får mykje praktisk opplæring i bedrift, og elevane på fiske og fangst får mykje praktisk opplæring på skulen sitt opplæringsfartøy Skulebas, seier Humborstad.

Måløy Vekst skriv videre at Fagskulen maritim avdeling i Måløy, som er samlokalisert med Måløy vidaregåande skule, driv opplæring av maskin- og dekksoffiserar (styrmenn og maskinistar), og utdannar fagfolk som er ettertrakta i næringslivet. -Å ha tilgang på eit opplæringsfartøy er med på å gjere skulen ettertrakta. Å ha opplæring/praksis om bord på ein båt som eit supplement til simulator er av stor nytte. Ein nyare båt vil være tilrettelagt
med ny teknologi. Studentane kan dermed trene på samhandling og teamarbeid mellom bru og maskin i reelle omgivnader. Fagskulen vil kunne ta med heile klasser om bord og gi dei undervisning/praksis. Dette er ikkje mogleg per i dag, seier Humborstad.

Humborstad seier at næringslivet har forståing for at ein i ein situasjon med tronge økonomiske utsikter må vurdere prosjekt som får høgare kostnader. Likevel ber dei om at ein no ikkje starter ein heilt ny prosjektfase for nytt opplæringsfartøy, men at ein heller gjer mindre justeringar i den allereie utarbeida kravspesifikasjonen. – Det er muleg å finne fornuftige innsparingar i det eksisterande prosjektet utan at ein må bruke mykje ekstra tid. Det viktigaste no er å få på plass eit nytt fartøy utan unødig opphald, avsluttar
Humborstad.

Med venleg helsing

Randi Humborstad

Daglig leder 

+47 97 75 73 94 

randi@maloyvekst.no 


Kort om Måløy Vekst

Næringslivet i regionen, representert ved ca. 80 bedrifter, og Kinn kommune er aksjonærar/eigarar i selskapet. Måløy Vekst skal vere eit serviceselskap for næringslivet, informere og legge til rette for ny verksemd og infrastruktur, gje gründer veiledning, samt vere ein møteplass for næringslivet og kommunen. Måløy Vekst skal og vere ein samfunnsbyggar. Utan ein grunnleggande tanke om å utvikle samfunnet rundt oss vil det vere vanskelig for oss å skape vekst innanfor dei fleste bransjane som Måløy Vekst representerer. I tillegg skal Måløy Vekst kunne bruke sin tyngde i politiske prosessar der det er hensiktsmessig, og då spesielt med fokus på å drive fram ein positiv næringsog samfunnsutvikling. Måløy Vekst ynskjer å ha ei tydeleg stemme inn mot offentlege prosessar og bidra til at våre medlemsbedrifter sine behov for vekst og framtidsutvikling vert høyrd.