– Meir enn berre eit svømmebasseng
Heilt sidan 2013 har det vore eit ynskje om, og planlagt realisering av eit symjeanlegg i Måløy. I 2016 utarbeida Asplan Viak, på oppdrag frå Vågsøy kommune, ein analyserapport som konkluderte med at det ville være både billegare for kommunen, og gje betydeleg større samfunnseffektar, å byggje eit folkebad heller enn berre eit symjeanlegg.
I januar 2019 kom næringslivet på bana, og samla inn 45 millionar kroner for å bidra til realiseringa av badet, då gjennom eit felles selskap med kommunen. Etter ei juridisk vurdering vart det likevel konkludert med at badet måtte realiserast som eit kommunalt anlegg, og politikarane vedtok at Nordfjordbadet skulle realiserast som eit eige kommunalt føretak (KF).
Nordfjordbadet bidreg til:
Lovpålagd symjeundervisning
I dag nyttar alle elevane i Måløy eit lite symjebasseng på Skram skule. I samband med at skulen skal rivast, er det planlagt å rive bassenget. Når det skjer vil ikkje elevane i Måløy lenger ha fasilitetar til å få symjeopplæring. Nordfjordbadet vil sikre at alle elevane i Måløy vil få symjeopplæringa som dei har krav på, og sikre at fleire born og unge får heilt naudsynte symjeeigenskapar.
Trivsel og bulyst for innbyggjarane
Fleire undersøkingar gjennom mange år syner at det tilbodet flest saknar i Måløyområdet er eit bade-/symjetilbod. Badeanlegg bidreg til auka trivsel, og er eit viktig tilbod for alle aldersgrupper i samfunnet. Bulyst og bustadsattraktivitet er eit av dei største hindera for auka folketal i Kinn kommune, og Nordfjordbadet vil bidra til å auke denne.
By- og sentrumsutvikling
Realisering av Nordfjordbadet på sentrumstomta i Måløy vil bidra til å utvikle området, og dei urbane kvalitetane i byen. Nordfjordbadet vil og være utløysande for andre viktige byutviklingsprosjekt i området.
Rekruttering til næringslivet
Næringslivet i Måløy er tydelege på at realisering av Nordfjordbadet er viktig for deira moglegheit til rekruttering, kompetanseheving og verdiskaping. Dagens arbeidstakarar er oppteken av meir enn berre arbeidsplassen, også lokalsamfunnet og gode fritidstilbod er viktige. For næringslivet er realiseringa så viktig at dei bidreg med 55 millionar til realiseringa av Nordfjordbadet.
Attraktivitet for besøkande og turistar
Nordfjordbadet vil være ein viktig attraksjon for å tiltrekke seg både turistar og besøkande. Dette vil bidra til lokal verdiskaping og arbeidsplasser for både butikkar, servicebedrifter, restaurantar og andre reiselivsaktørar.
Eldre og kronikarar
Det er mange grupper som vil få eit betre tilbod om Nordfjordbadet realiserast, og det vil ha ein positiv effekt på folkehelsa for innbyggjarane. Blant anna vil ein få eit betre tilbod for både eldre og kronikarar som kan nytte Nordfjordbadet som del av førebygging, behandling og rehabilitering.
Kostnader og finansiering av Nordfjordbadet
Kinn kommune oppjusterte kostnaden på Nordfjordbadet hausten 2020, og estimerte at badet kunne realiserast for 179,1 millionar i totale investeringskostnader.
Nordfjordbadet skal finansierast på følgjande måte:
45 millionar i innsamla gåver frå næringslivet
29,5 millionar i spelemidlar og interkommunale spelemidlar
32,3 millionar i mva refusjon
72,3 millionar i kommunalt låneopptak
I tillegg har næringslivsaktørane som har bidrege med gåver til investeringa teke på seg å dekke inntil 2 millionar kroner av driftskostnadane dei 5 første driftsåra, totalt 10 millionar kroner.
Totalt får kommunen dekka 116,8 millionar av kostnadane ved investering og drift av Nordfjordbadet.
Har Kinn kommune råd til å seie nei til 117 millionar kroner?
Nordfjordbadet – No eller aldri
Om politikarane i Kinn no tek Nordfjordbadet ut av investeringsplanen, så vil finansieringa begynne å smuldre opp. Eit direkte resultat vil være at nær 8 millionar i interkommunale spelemidlar vil forsvinne for alltid. Fleire av aktørane som bidreg med gåver har og varsla at dei ikkje lenger kan binde opp midlar om prosjektet no vert utsett på ubestemt tid. Det er mange andre samfunnsnyttige prosjekt desse midlane kan nyttast til. Skal vi realisere Nordfjordbadet, så må det skje no. Næringslivet er klar, innbyggjarane er klar, no ventar vi berre på politikarane.