Strategiplan
Måløy Vekst arbeider for ei berekraftig samfunnsutvikling og eit livskraftig næringsliv i Måløy-regionen. Gjennom samarbeid mellom næringslivet, det offentlege og utdanningsmiljøa skal vi bidra til auka verdiskaping, bulyst og befolkningsvekst.

Strategien vår byggjer på fem hovudmål som peikar ut retninga for arbeidet vårt:
- Vi skal styrke arbeidsmarknaden og legge til rette for innovasjon og ny næringsverksemd
- Vi skal bidra til eit rikt og inkluderande sosialt, kulturelt og utdanningsmiljø
- Vi skal løfte kompetanse og kunnskap gjennom utdanning og forsking
- Vi skal synleggjere Måløy som ein attraktiv stad å bu, jobbe og investere i
- Vi skal vere ein aktiv pådrivar for samarbeid og god samhandling
Gjennom konkrete prosjekt, strategisk marknadsføring, rekrutteringstiltak og utviklingsarbeid jobbar vi for å realisere potensialet i regionen – saman med næringslivet, kommunen og innbyggjarane våre.