Politibetjent ved Måløy politistasjon

Detaljer

Arbeidsgjevar:
Vest politidistrikt
Stillingstittel:
Politibetjent i Måløy
Søknadsfrist:
13. oktober

Dette kan vi tilby deg

Kompetansebygging med gode kollegaer
Dei to politistasjonane; Måløy politistasjon i Nordfjord og Vik politistasjon i Sogn treng fleire dyktige kollegaer. Vi søker etter nye faste tilsette som ynskjer å jobbe i kombinert polititjeneste som operativ, førebyggar og etterforskar. I kombiteneste får du gjennomføre læringsløpet på både 48t årleg trening operativt og 48t etterforsking. Du kvalifiserer også raskare til opprykk, med meir ansvar og lønn. Samtidig set vi høge krav til deg. Dine kollegaer og leiarar forventa at du levera på alle fagområde, og bidrar med godt kollegaskap til felleskapet.

Har du ein venn eller nokon du kjenner som også kan vere interessert i denne jobben? Vi har fleire ledige stillingar på begge stasjonar, her kan du bu og jobbe fleire ilag!

Karriereveg
GDE Sogn og Fjordane består av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn politistasjonsdistrikt, samt ein desentralisert etterretnings- og etterforskingsseksjon. Vi samarbeider tett på alle nivå internt i heile GDE-en med ressursflyt og samvirke, og ein må pårekne å utøve politijobben i heile regionen. For deg som finn deg til rette og vil satse i Sogn og Fjordane har vi karrierevegar med fagutvikling i etterforsking, førebygging og operativt politiarbeid; t.d. innsatsleiing, UEH, etterforskingsleiing, politikontakt, spesialetterforsking, tilrettelagd avhøyr, trafikk og UP, digitalt politiarbeid, personalleiing, mm.