Heile 27 verksemder i kystregionen går saman og etablerer eit nytt selskap som skal utvikle og skape vekst og arbeidsplassar i reiselivet. Målet er å samarbeide for å utvikle kysten til et meir attraktivt reisemål, og skape kommersielle verdiar av besøksaktiviteten
Formålet til selskapet er å legge best mogleg til rette for besøkande i regionen, både ved å koordinere eksisterande aktørar og tilbod, men og ved å bidra til etablering av nye tilbod. Selskapet som har fått namnet Måløy Adventure AS skal jobbe med å utvikle infrastruktur, etablere transportløysingar, samt tilsette og utdanne lokale guidar og turistvertar. Selskapet vil og pakke små og store reiseopplevingar, events og utflukter på tvers av dei regionale aktørane, og etablere ein felles salskanal og bookingsystem for verksemdene.
Det er Måløy Vekst som har tatt initiativ til, og jobba med utviklinga av Måløy Adventure, og vekstselskapet er og engasjert til å leie og drifte det nye reiselivsselskapet. I tillegg til Frank Willy Djuvik, som er innleigd som dagleg leiar, så vil Måløy Vekst også nytte seg av andre tilsette i selskapet for å gjennomføre drifta. Dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad seier at fordelen med Måløy Vekst er at dei tilsette har forskjellig og variert kompetanse, noko som er bra når vi skal bygge opp selskapet. – Vi har i dag 3 tilsette i Måløy Vekst, og vi kjem og til å tilsette ein ny medarbeidar ganske snart, som får ein del oppgåver knytt til det nye selskapet, seier Humborstad.
Rådgjevar i Måløy Vekst, Anette B. Jahre har jobba mykje med reiseliv det siste året, og meiner at kystregionen er eit fantastisk reiselivsprodukt som ikkje ein har klart å utnytta fullt ut. – Utfordringa har vore at vi har mange små aktørar med svært gode tilbod og reiselivsprodukt, men dei har og hatt små moglegheiter til å skalere opp og selge produkta sine på eigenhand. Etableringa av det nye reiselivsselskapet gjer at vi no slår saman dei gode kreftene og utviklar dette i eit større fellesskap, der vi kan bidra til at dei eksisterande aktørane før betre føresetnader til å utvide, i tillegg til at vi kan utvikle fleire reiselivsprodukt, seier ho.
Djuvik presiserer at etableringa av Måløy Adventure er ein del av ein langsiktig regional satsing, og at dei ynskjer aktørar frå heile kystregionen med i selskapet. Men han vedgår og at selskapet truleg må skifte namn for å synleggjere den regionale satsinga betre. – Då vi starta arbeidet med etableringa av selskapet, så var tanken at vi skulle få meir lokal verdiskaping frå cruise aktiviteten i Måløy. Men etterkvart som fleire og fleire regionale aktørar innan mange bransjar kom til, så såg vi at behovet for ei samla satsing i heile regionen, uavhengig av om det er besøkande som kjem med store og små båtar, fly, buss eller bubil. Cruise turistane gjer oss volumet som skal til for å bygge opp fleire tilbod i regionen, og målet er at desse tilboda skal gjere det attraktivt for andre besøkande å komme til regionen vår, og ikkje minst at vi bygger gode og attraktive tilbod for dei som bur her. Men vi må nok ta ein runde på å kanskje finne eit namn på selskapet som beskriver heile regionen på ein god måte, seier han.
Eigarane har henta inn ein ekstern styreleiar til selskapet, med lang erfaring innan reiselivsutvikling i Flåm. Noralv Distad er tidlegare leiar for Aurland og Lærdal reiselivslag, ordførar for Høgre i Aurland i perioden 2011-2019, og er no nestleiar i Aurland Hamnevesen, samt styremedlem i Nærøyfjorden Verdsarvpark og styremedlem i Fjord Norge. Han sitter og på Fylkestinget og i Fylkesutvalet i Vestland Fylkeskommune. Med seg i styret har han fått Erlend Svoren frå NetPartner, Bjørn Inge Strand frå Sjøbris Adventure og Fredrik Borgund frå Stad Hotell.
Sjølv om Måløy Vekst har jobba med planane for å etablere eit felles reiselivsselskap sidan i vår, så skjedde sjølve etableringa i rekordfart. – Vi inviterte reiselivsaktørane og andre aktuelle næringsbedrifter til eit informasjonsmøte der vi presenterte arbeidet vårt og tankane bak eit slikt selskap 9. august, og allereie 31. august gjennomførte vi stiftingsmøte med 27 ulike verksemder som eigarar. Og dette er jo akkurat i tråd med slik eg har lært å kjenne næringslivet i regionen. Når dei først har tru på noko, og bestemmer seg, så går det veldig fort, seier Djuvik.
Og sjølv om selskapet no er etablert med 27 aksjonærar frå Gulen i sør til Stad i nord, så seier Djuvik at dei ynskjer endå fleire med på satsinga. – Det er veldig gledeleg at vi har fått med mange eigarar frå heile regionen, og ikkje berre frå Måløy. Det viser at heile regionen ser verdien av å samarbeide for å utvikle gode tilbod, og at dette er ein aktivitet som vil føre til økt verdiskaping og utvikling for alle. Og allereie no, så opnar vi for at endå fleire eigarar kan komme inn i selskapet, slik at vi styrker den regionale forankringa til satsinga. Verksemder i både Askvoll, Florø, Bremanger, Måløy og Stad er velkommen til å bli med, avslutter Djuvik.
Oversikt over aksjonærene i selskapet:
Stad Hotell AS
Vyrd AS
Skramsheim Holding AS
Baatbygg AS
Fjord Guiding AS
Ello AS
Brothers AS
Sjøbris Adventure AS
Storm At Stad AS
Tanya Myhre
Skibenes og Søn AS
Fjord Shipping AS
Nordfjordhjort, Nave hjortefarm
Explore 62 North AS
Stiftelsen Måløyraidsenteret
ArtBy Tonegull
UNU AS
Net Partner AS
Team Aut. Trafikkskole AS
MHService AS
Måløy Vekst AS
Ariel Eiendom AS
Eili Invest AS
Selje Hotell Invest AS
Vestkapp Holding AS
Drage Holding AS
Selstad AS