Fleire sterke næringsaktørar på Vestlandet ber no fylkespolitikarane i Møre og Romsdal og Vestland om å fortsette arbeidet med å få på plass eit hurtigbåtsamband mellom Florø og Ålesund når Stad Skipstunnel vert realisert. – Forutan sikkerheit og ein effektiv seilas for dei sjøfarande, så er hurtigbåtsamband kanskje det viktigaste for å oppnå positiv samfunnsnytte av tunnelen, skriv dei i ei felles pressemelding.
Næringsaktørane NHO Møre og Romsdal, NHO Vestland, NHO Sjøfart, Hurtigbåtforbundet, Maritimt Forum Nordvest, Maritim Forening Søre Sunnmøre (MAFOSS), Næringsforeningen Ålesundregionen, NÆSS- Næringsforeningane på Søre Sunnmøre, Sogn og Fjordane Næringsråd, Flora Industri- og Næringsforeining, Stad Vekst og Måløy Vekst står bak oppmodinga til fylkespolitikarane. Til saman representerer dei størstedelen av verksemdene i dei to fylka Møre og Romsdal og Vestland.
Næringsaktørane skriv at dei har stor forståing for at politikarane har knappe økonomiske ressursar som skal prioriterast på ulike tiltak, men meiner likevel at det er for tidleg å gje opp ambisjonen om å knytte vestlandet saman med eit nullutslepps kollektivtilbod heile vegen mellom Bergen og Ålesund.
Dei syner til at rapporten frå den administrative arbeidsgruppa i Møre og Romsdal og Vestland fylkeskommune som har jobba med saka peikar på stor usikkerheit knytt til passasjergrunnlag, kostnadar, inntekter, og økonomisk bidrag frå Staten, og at det er berre ved å fortsette prosessen at ein vil få meir klarheit i desse spørsmåla. Hurtigbåtnæringa er svært ambisiøse og varslar om ei svært hurtig utvikling av ny teknologi og moglegheiter. I løpet av få år vil vi ha betre og meir eigna nullutsleppsbåtar, som både går raskare og har lågare energiforbruk, enn det som vert lagt til grunn i rapporten frå arbeidsgruppa, skriv dei.
Ny teknologi og skipsdesign vil kunne bidra til å både auke farten og redusere energiforbruket, og dette vert det jobba mykje med i hurtigbåtnæringa. Næringsaktørane skriv at raskare båtar fører til kortare reisetid, noko som igjen fører til at tilbodet vert meir attraktivt også for eit større geografisk område langs ruta. Dette vil føre til eit auka passasjergrunnlag for sambandet. Og ikkje minst, så gjer lågare energiforbruk lågare kostnadar for fylkeskommunane enn skissert i rapporten.
Næringsaktørane meiner og at fylkesadministrasjonane undervurderer passasjergrunnlaget og samfunnsnytten til det nye hurtigbåtsambandet, og skriv at dei samfunnsmessige konsekvensane av å byggje saman større bu- og arbeidsmarknader langs kysten på nordvestlandet er lite vurdert i rapporten. Ein større bu- og arbeidsmarknad vil føre til større potensial for verdiskaping, samhandling mellom næringar, og vekst i folketal i regionen. Internasjonal reiselivsnæring har synt stor interesse for Stad skipstunnel, og dei trur at det vert undervurdert kor stor attraksjon tunnelen i seg sjølv vert.
I staden for å skrinlegge planane om å få på plass hurtigbåtsamband gjennom Stad skipstunnel, slik fylkesadministrasjonane foreslår, så ber næringsaktørane om eit samarbeid med fylkeskommunane for å betre dei statlege finansieringsordningane. Staten har uttrykt eit sterkt ønske om å få på plass nullutslepps hurtigbåtar langs kysten, og då må vi nesten ta utgangspunkt i at dei og ynskjer å være med på eit spleiselag for å få dette til. Vi vil gjerne bidra saman med fylkeskommunane for å synleggjere og jobbe for dei mange positive effektane eit slikt hurtigbåtsamband vil ha for utviklinga på nordvestlandet, og få staten til å bidra med meir midlar, skriv dei i pressemeldinga.