Næringslivet i Kinn får høgast score av alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, og kjem på ein sjetteplass i Vestland på NHO sitt ferske næringsbarometer «Kommune-NM». I totalrangeringen for heile kommunen kjem Kinn kommune på ein 16-plass i Vestland. – Veldig positivt og oppløftande, men det syner at vi har nokre utfordringar vi må ta tak i, seier Måløy Vekst.
NHO sitt kommune-NM er ei årleg rangering av kommunane etter attraktivitet og lokal vekstkraft basert på forhold ved næringsliv, arbeidsmarknad, demografi, kompetanse og kommuneøkonomi.
Kinn scorar svært høgt på næringsliv, og næringslivet i Kinn er høgast rangert av alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane. På næringsvariasjon er faktisk Kinn høgast rangert av alle kommunane i Vestland, med Bergen på andreplass. Nasjonalt er Kinn kommunen med det niande mest varierte næringslivet i landet.
Kinn scorar og høgt på inntektsnivå og privat sysselsetting, medan den einaste faktoren som trekker ned for næringslivet er at kommunen i mykje mindre grad enn i andre næringssterke kommunar kjøper varer og tenester av private. Dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad, meiner at her har kommunen eit forbetringspotensiale, og at kommunen bør være mykje meir bevisst på å bruke lokal kompetanse og bedrifter. – Kinn har eit svært innovativt og sterkt næringsliv, og kan nok i mange tilfelle bidra til at kommunen kan levere betre og meir effektive varer og tenester, seier ho.
Det som trekker Kinn kommune mest ned på barometeret er demografi og folketalsutviklinga i kommunen. Kinn var blant kommunane med dårlegast folketalsutvikling i Vestland, og heilt nede på ein 319-plass nasjonalt i 2020. Humborstad meiner at her må kommunen gjere ein betydeleg betre innsats framover. – Det er fleire grunnar til den dårlege folketalsutviklinga. Men om vi ser på situasjonen for Måløy, så skapar vi mange arbeidsplassar og har vekst i næringslivet, men vi har ikkje bustader til dei som ynskjer å etablere seg. Resultatet vert at dei heller busett seg i nabokommunane medan dei finn spennande jobbar i Måløy. Her må vi få fortgang i planlegginga av nye bustadområder, og den overordna arealplanen vert svært viktig for den vidare utviklinga, seier ho.
– I tillegg er det viktig at kommunen tek eit overordna ansvar for auka attraktivitet og rekruttering. For eksempel er Nordfjordbadet eit svært viktig prosjekt for å auke attraktiviteten for både fastbuande og tilflyttarar, men vi må få fortgang i realiseringa slik at vi får snudd den negative utviklinga.
Humborstad syner og til at nabokommunane til Kinn, Stad og Sunnfjord, brukar mykje kommunale ressursar på rekrutteringstiltak, og at dette openbart har gitt positive effektar. – Måløy Vekst har jobba med rekruttering for næringslivet i lang tid, og har mange spennande prosjekt for å styrkje rekrutteringa. Vi har og tilbydd oss å gjere ein jobb for kommunen på dette, og synleggjort korleis kommunen bør jobbe med dette, seier Humborstad.
– Totalt sett er årets kommune-NM svært positiv lesnad. Det syner at vi har eit svært sterkt, variert og innovativt næringsliv som skapar verdiar, velferd og arbeidsplassar, og faktisk er av dei aller beste i landet. Samstundes syner det at vi i samarbeid må ta tak i nokre utfordringar for å styrkje attraktiviteten og rekrutteringa i kommunen, avsluttar Randi Humborstad.