Toyota Nordfjord og Førde AS består i dag av tre ulike butikkar – ein i Måløy, ein i Stryn og ein i Førde. Til saman har selskapet rett i underkant av 60 tilsette i sving i både butikkane og verkstadane. Av desse er 5 lærlingar, og to av desse finn ein i Måløy. Ein av lærlingane i Måløy går no læretida si innan bilpleie-faget.
- Det er nytt at ein hos oss no kan ta fagbrev innan bilpleie-faget, fortel dagleg leiar Ørjan Solvang.
Oppgåvene til dei tilsette som jobbar med bilpleie går for det meste ut på at dei klargjer nye bilar som kjem rett frå fabrikken, samt bruktbilar som skal selgast vidare. Etterkvart vil dei også tilby bilpleie til dei som ønskjer det.
- Då kan du levere inn bilen din til oss og få tilbake ein gullrein bil som nesten ser ubrukt ut for ein god pris, seier Solvang.
Emma Oppedal er ein av lærlingane ved Toyota Måløy i dag. Ho er lærling innan reservedelsfaget og tek seg av både lager og kundeservice.
Dekkhotell og el-bil i vinden
Toyota Nordfjord er nesten nettopp ferdige med å bygge nytt dekkhotell i tilknytning til butikken og verkstaden i Måløy. Tidlegare tok dei i bruk krikar og krokar kor det var ledig plass, men i dag er det andre bollar.
- Dette er eit topp moderne dekkhotell med plass til 6000 hjul, som vil seie hjul til 1500 bilar. Her har vi system og hjelpemiddel som gjer det tryggare og mindre belastande for våre tilsette å jobbe med dekkskift og vedlikehald.
På kort tid har dei fyllt opp halve kapasiteten til dekkhotellet og dei ventar at tilbodet vert svært populært.
- Det er sit svært rimelig tilbod for dei som ønskjer det. I tillegg tilbyr vi ei 3-årig avtale om dekkhotell når ein kjøper bil hjå oss, fortel Solvang.
Dei fleste bilane som blir selde gjennom Toyota Nordfjord i dag er reine el-bilar eller hybrid-bilar. I 2023 bestod 83% av nybilmarkedet i Nordfjord og Sunnfjord av reine el-bilar.
- Eg vil eigentleg tru at talet for 2024 vil verte om lag 90%. Vi står midt i den største endringa i marknaden nokon gong, seier den daglege leiaren.
Opptekne av samfunnet rundt
Gjennom bilforretninga har familien Solvang opparbeida seg ein posisjon som gjer at dei har fått moglegheit til å utvikle andre prosjekt i lokalsamfunnet. Dei har blant anna utvikla ein eigen næringspark som husar matvarebutikk, sportsbutikk, treningssenter, kontorfellesskap og byggevareforretning. I tillegg har dei ført opp første av tre leilighetskompleks i Solvang Boligpark.
I tillegg til å utvikle eigne prosjekt er selskapet med på å støtte opp om lokale idrettslag og organisasjonar med sponsormidlar.