Uttale til planprogrammet for Kinn kommune sin arealplan 2020-2032

bygg og areal forum

Kort om Måløy Vekst

Næringslivet i regionen, representert ved ca. 80 bedrifter, og Kinn kommune er aksjonærar/eigarar i selskapet. Måløy Vekst skal vere eit serviceselskap for næringslivet, informere og legge til rette for ny verksemd og infrastruktur, gje gründer veiledning, samt vere ein møteplass for næringslivet og kommunen.

Måløy Vekst skal og vere ein samfunnsbyggar. Utan ein grunnleggande tanke om å utvikle samfunnet rundt oss vil det vere vanskelig for oss å skape vekst innanfor dei fleste bransjane som Måløy Vekst representerer. I tillegg skal Måløy Vekst kunne bruke sin tyngde i politiske prosessar der det er hensiktsmessig, og då spesielt med fokus på å drive fram ein positiv næringsog samfunnsutvikling. Måløy Vekst ynskjer å ha ei tydeleg stemme inn mot offentlege prosessar og bidra til at våre medlemsbedrifter sine behov for vekst og framtidsutvikling vert høyrd.

Generelt om planprogrammet

Sjølv om enkelte av våre innspel til planprogrammet er generelle og kan gjelde heile planen, så fokuserer vi i hovudsak på den delen av planen som gjeld tidlegare Vågsøy, og vår uttale må sjåast i den samanhengen.

Ettersom arealplanen for tidlegare Vågsøy sist vart vedteke tilbake i 2002, så har mangelen på ein oppdatert overordna arealplan vore ein av dei største hindra for utvikling i Måløyområdet. Blant anna har dette ført til mange dispensasjonssaker og mangel på areal til både næringsutvikling og busetting. Måløy Vekst er svært glad for at ein no er i gang med arbeidet, og at ein har ein målsetnad om få endeleg vedtak i løpet av 2020.

Planprogrammet legg etter vårt syn opp til ein fornuftig framdriftsplan, og i all hovudsak legg ein opp til rette prioriteringar og vurderingar i planen. Vi har likevel nokre påpeikingar som vi kjem inn på i vår uttale.

Mangel på definerte areal til både næring og busetting i tidlegare Vågsøy er etter vårt syn den viktigaste utfordringa å løyse i arealplanen. Å gjere eit grundig arbeid på dette, og planlegge for vekst i planperioden, vil gjere det mykje enklare for både kommunen og tiltakshavarar til å handtere bygging og tiltak. Her er det viktig at ein har ein god dialog med næringslivet slik at ein får fram eit mest muleg reelt behov for planperioden.

Medverknad

I si saksutgreiing skriv kommunedirektøren at ein vil basere planen på innspel og innbyggjarmedverknad som vart gjennomførd tilbake i 2016. I utgangspunktet kan dette være fornuftig, og med tanke på situasjonen med covid-19 som gjer det vanskeleg å blant anna gjennomføre folkemøter. Det vart gjort mykje bra i den prosessen, og mange gode innspel og vurderingar som ein kan legge til grunn i planen.

Likevel er signalet frå næringslivet i tidlegare Vågsøy at mykje har endra seg dei siste fire åra, og det er eit stort behov for at ein får høve til å komme med innspel til utarbeidinga av planen, og før den vert sendt på høyring. Etter vårt syn vil det difor være avgjerande at ein legg opp til møter og innspel frå næringslivet og grunneigarar på eit tidleg tidspunkt i prosessen, slik at ein kan vurdere å justere grunnlaget frå 2016 basert på dette.

Måløy Vekst kan bidra med å koordinere slike møteplassar og samordne innspel i samarbeid med kommunen om det er ynskjeleg. Vi kan og bidra med informasjon til næringslivet om når og korleis dei kan komme med sine innspel til prosessen.

Konkrete innspel til planprogrammet

Sjøareal

Arealplanen omfattar både land- og sjøareal, men dette kjem lite fram i planprogrammet, og ein skriv lite om korleis ein skal utgreie og vurdere bruk av sjøareal. Mange verksemder er avhengig av føreseielege og framtidsretta planar på korleis sjøareal kan og skal nyttast. Dette kan blant anna gjelde både eksisterande oppdrettslokalitetar der behovet har endra seg mykje dei siste 15-20 åra, men det kan og gjelde vurdering av nye lokalitetar for å leggje til rette for vekst innan havbruk. Vi ber difor om at det vert innarbeida ein omtale av sjøareal og korleis dette skal vurderast i planprogrammet.

Definering av sentrum

For utviklinga i Måløy er det heilt avgjerande at ein definerer Måløy, Raudeberg og Deknepollen som eit felles sentrumsområde. Utvikling av handel, service, næring og bustad må sjåast i ein samla heilskap for dette området. Det er svært viktig at ein utgreier dette grundig, og grunngjev defineringa av sentrumsområdet godt i arealplanen.

Mål om tilgjengelege bustadtomter i alle krinsar

Det kan være mange grunnar til at nokon vel å busette seg ein stad, og dette kan blant anna være tilknyting til ein bestemt stad eller eit område i kommunen. Difor er det og viktig at kommunen har eit mål om at det skal være tilgjengelege tomter i alle krinsar, enten i allereie eksisterande bustadfelt eller i tilknyting til etablerte bustadområder. Her må ein blant anna sjå på endring av områder frå LNF til LNF Spreidd bygging.

Utvikling av smarte samfunn

Vi er godt nøgd med at Kinn kommune vektlegg utvikling av smarte samfunn som eit tema i dei overordna føringane for arealplanlegginga. Måløy Vekst har i samarbeid med Kinn kommune, Nordfjord Havn, og fleire verksemder i Måløy, starta prosjektet «SmartBy Måløy». Eit av områda i prosjektet er smart arealplanlegging, der vi ser på korleis digitale verktøy og innovative løysingar kan bidra til ein meir framtidsretta og berekraftig arealdisponering. Vi håper at kommunen vil involvere dette prosjektet i utarbeidinga av arealplanen, då vi meiner at prosjektet kan ha store positive verknader for samfunnsutviklinga i Måløy.

Framtidsretta mobilitetsløysingar

Det er viktig at ein i arealplanen gjer ei grundig vurdering av framtidsretta og berekraftige mobilitetsløysingar og korleis ein skal leggje til rette for dette i arealplanen. Dette kan blant anna være tilrettelegging av sykkelfelt, plassering av ladeinfrastruktur, tilstrekkeleg areal til universelt utforma fortau og gangvegar, haldeplassar for kollektivtransport og køyremønster for å redusere utslepp og behov for privatbil.

Parkering

Måløy sentrum har ein svært utfordrande parkeringssituasjon, og dette er spesielt utfordrande for handel- og servicenæringane som opplever at dei får ein konkurranseulempe grunna parkeringsavgift og mangel på parkeringsplassar. Ein må både i denne planen, og i andre vurderingar i kommunen, sjå på korleis parkeringssituasjonen og konkurranseulempene med parkeringsavgift kan forbetrast.

Avslutning

Måløy Vekst er svært nøgd med at ein no er i gang med å få på plass ein svært etterlengta overordna arealplan, men er og utolmodige på næringslivet sine vegne til å få planen på plass i løpet av 2020.

Vi ynskjer å bidra positivt til planen, og ser fram til eit tett og godt samarbeid med kommunen for å få ein best muleg plan.

Med venleg helsing

FRANK WILLY DJUVIK Prosjektansvarleg

+47 926 26 976 

frank@maloyvekst.no