Vi startar Ungt Nettverk Måløy – ein sosial arena for unge vaksne!

Vi i Måløy Vekst ønsker å skape ein møteplass for unge vaksne i arbeidslivet i Måløy-regionen, difor lanserer vi no konseptet Ungt Nettverk Måløy. Målet er at vi kan invitere til fleire spennande arrangement gjennom året. Det kan vere både sosiale kveldar, aktivitetar eller arrangement med fagleg innhald.

Ingen aldersgrense

Vi har ikkje sett noko øvre eller nedre aldersgrense for UN Måløy, men tenker at ein får kjenne etter sjølve. Det viktigaste er at ein er aktive i arbeidslivet og ønsker å vere med i eit sosialt nettverk. Kvar du jobbar betyr ingenting. Alle unge vaksne er velkomne uansett yrke og arbeidsplass.

Vi håper at UN Måløy kan bli ein arena for å treffe både vener, kjende og ukjende. Og alle er velkomne anten ein har eit stort eller lite nettverk frå før.

Bli med på Kick Off!

Første arrangement blir torsdag 16. februar. Vi sparkar i gong konseptet med eit Kick Off på bowlingen i Måløy kl. 19.00. Her blir det bowling, mingling og nettverksbygging over ein lav sko! Ei runde med bowling kostar 40 kr per person denne kvelden. Det blir også mogleg å kjøpe mat og drikke om ønskeleg.

Det er begrensa tal med plassar for å vere med å bowle så vi anbefalar at du rett og slett berre melder deg på med ein gong. Det byrjar nemleg å fylle seg opp! Meld deg på her: https://forms.gle/WXYcxgRvpAcB4Ur5A

Om du har spørsmål om UN Måløy er det berre å ta kontakt med Anette eller Seline:
anette@maloyvekst.no / 997 88 615
seline@maloyvekst.no / 904 18 311