Laster Arrangementer

Etablererkurs

Bilde av Måløy
Bilde av Måløy

Detaljer

Dato:
23.09.2025
Sted:
Mer info kommer!

23. september 2025 17:00 24. september 2025 21:00

Har du ein idé om å starte butikk, kafé eller anna verksemd i Måløy sentrum? Då er dette kurset for deg!

I samarbeid med lokale gründarar, fagfolk og samarbeidspartnarar arrangerer Måløy Vekst eit praktisk etablerarkurs over to kveldar. Kurset gir deg ei trygg innføring i kva som skal til for å starte og drive eiga verksemd – frå idé og konsept til økonomi, finansiering og drift.

Tid og stad

📅 23.–24. september 2025
🕓 Kl. 17:00–21:00
📍 Stad: kjem

Kva får du?

  • Inspirasjon og erfaringar frå lokale gründarar
  • Verktøy for å utvikle og teste forretningsidéen din
  • Innføring i økonomi, budsjett, selskapsformer og finansiering
  • Kunnskap om kundeoppleving, marknadsføring og butikkdrift
  • Møte med bank, kommune, byforening, revisor og andre samarbeidspartnarar
  • Nettverk og støtte til vegen vidare

Målgruppe

Kurset passar for deg som ønskjer å starte butikk, kafé eller annan småbedrift i Måløy. Unge vaksne, tilflyttarar, jobbsøkjarar og andre med etableringsdriv er velkomne.

💡 Etter oppgraderinga av sentrumsgata i Måløy vil vi legge til rette for meir aktivitet og nye etableringar. Dette kurset kan vere første steget på di gründerreise!

👉 Meld deg på via e-post til anne-stine@maloyvekst.no!

+47 904 18 311

Vis Arrangør nettside