Laster Arrangementer

Frokostmøte

Detaljer

Dato:
20.01.2026
Sted:
Parken kulturhus, Raudeberg

20. januar 07:30 10:00

Måløy Vekst inviterer til frokostmøte tysdag 20. januar.
Dette blir ein uformell og relevant møteplass for næringslivet, med aktuelle tema og god moglegheit for nettverksbygging over frukost.

Program

Pål T. Næss

Pål Næss, tidlegare medgründer av Gelato – Noregs første unicorn – kjem til Måløy for å fortelje om Overviu. Dette er ei digitaliseringsreise med utspring i Kinn, og eit nytt selskap som utviklar programvare for betre oversikt, innsikt og beslutningsstøtte i verksemder.

Christian Carlson – Sea Technology

Christian Carlson gir oss ein status på kva som skjer i Sea Technology, og tek oss gjennom nye og spanande prosjekt. Her får vi innblikk i korleis lokal industri i Måløy-regionen utviklar seg vidare i tett samspel med marknad, teknologi og kompetanse.

Ingvill J. Bækø – Havkraft

Ingvill J. Bækø, leiar i Havkraft, tek oss gjennom utviklinga av bølgekraft og det omfattande testarbeidet som har pågått den siste tida. Ho deler erfaringar frå teknologiutvikling, testing og vegen vidare for fornybar energi til havs.

Remy Atle Bilsback – Sparebanken Norge Markets

Remy Atle Bilsback, rente- og valutameglar, gir oss eit makroperspektiv gjennom innlegget:
«Vestlandet og den store verden – løypemelding om status og fremtidsutsikter i en urolig tid».
Her får vi innsikt i rente- og valutautvikling, geopolitikk og kva dette kan bety for næringslivet på Vestlandet framover.

Måløy Vekst

+47 904 18 311

Vis Arrangør nettside