22. desember • 18:00 – 21:00
Heime på juleferie, nysgjerrig på arbeidslivet eller på tanken om å flytte heim? Tysdag 22. desember samlar vi unge og lokalt næringsliv til Juletreff i Nordfjordhallen.
Kva moglegheiter finst eigentleg i Måløy og området rundt? På Juletreffet kan du bli betre kjend med lokale bedrifter, utforske jobb- og karrieremoglegheiter og knyte kontakt med folk som gjerne vil bli kjende med deg.
Bedriftene stiller på stand for å vise fram kva dei driv med, og kva moglegheiter som finst hos dei. Her er det rom for ein uformell prat, anten du har konkrete jobbplanar eller berre er nysgjerrig på kva som rører seg her heime.
Juletreffet er også eit høve til å treffe igjen vener og kjende i jula. Ta med deg ein ven og oppdag meir av det Måløy har å by på!
Vil di bedrift stille med stand?
Juletreffet er ein møteplass mellom næringslivet og ungdom og unge vaksne som er heime på juleferie. Her kan de vise fram arbeidsplassen dykkar, møte framtidige medarbeidarar og bidra til at fleire får auga opp for moglegheitene i området.
