12. august • 09:30 – 10:30
Er det no det skjer – eller gløymer vi Stad for godt?
Eit av dei mest omtalte samferdsleprosjekta i Noreg er endeleg ute på anbod. Stad skipstunnel har vore planlagt i fleire tiår, med grundig arbeid med reguleringar, grunnerverv og prosjektorganisering. No er alt klart – men utan klarsignal i statsbudsjettet for 2026, kan prosjektet stoppe opp for godt.
Stad skipstunnel handlar om tryggare skipsfart, betre framkomme langs kysten og nye moglegheiter for næringslivet. Prosjektet vil knyte saman kyst-Noreg og styrkje sjøtransporten, til glede for både lokalsamfunn og heile landet.
På Arendalsuka får du siste nytt frå Kystverket om status og vegen vidare. Vi utfordrar politikarane til å gi tydelege svar: Er dei klare til å sikre byggestart – eller lar dei høvet gå frå oss?
Velkomen til ei avgjerande samtale om Stad skipstunnel – no eller aldri.
Arrangement i samarbeid med Kystverket.