Fredagsquiz med UN Måløy og Jibben Bar&Scene

Velkommen til fredagsquiz på Jibben Bar & Scene fredag 22. september fra kl. 20.00!

Ungt Nettverk Måløy inviterer til eit nytt sosialt arrangement for unge vaksne i Måløy, i samarbeid med Jibben Bar & Scene. Arrangementet er gratis å delta på og alle er velkomne uansett alder, arbeidsplass eller nettverk!

Må eg melde meg på?

Du må ikkje melde deg på og du kan berre møte opp – men vi er veldig glade dersom du tek deg tida til å fylle ut påmeldingsskjema. Dette for at vi skal vite sånn cirka kor mange som kjem, i tillegg til at vi då kan få sett opp lag i forkant.

Blir eg berre sett på eit tilfeldig lag?

I utgangspunktet er svaret ja. Det skal vere mogleg for alle å melde seg på quizen uansett om ein kjenner nokon som skal eller ikkje. Vi vil plassere alle som ønskjer å delta på eit lag, og ingen vil bli sittande aleine:) Men dersom du har ønsker for laginndeling tek vi gjerne i mot dette slik at vi kan legge best mogleg til rette for alle. Det er uansett maks 5 personar på eit lag.

Kan eg ta fredagsmiddagen under quizen?

Ja, faktisk! Havna Vertshus har ope kjøkken og det vil vere mogleg å bestille mat som kan nytast på Jibben. Her vil vi legge inn ei felles bestilling før eit visst klokkeslett. Meir informasjon meny og bestilling kjem fortløpande.

Kva kan eg forvente?

Du kan absolutt forvente ein veldig kjekk kveld! Quizmaster Elise Silden skal lose alle laga gjennom spørsmål som ein kanskje burde kunne svara på, og det blir god musikk frå baren. Quizen startar litt etter kl. 20. Når vi er ferdige med quizen er det fritt fram for kvar og ein å gjere det ein måtte ønske. Jibben Bar&Scene held ope utover kvelden med musikk frå baren og moglegheiter for å spele biljard.

Hald deg oppdatert på informasjon om Fredagsquiz på Jibben i vårt Facebook-arrangement.
Hugs å melde deg på slik at vi kan legge best mogleg til rette 🙂

Ved spørsmål ta kontakt med:
seline@maloyvekst.no/anette@maloyvekst.no