UN Måløy

Ungt Nettverk Måløy er ein sosial møteplass for unge vaksne i arbeidslivet i Måløy. 

Vi i Måløy Vekst ønsker å skape ein møteplass for unge vaksne i arbeidslivet i Måløy-regionen. Vi arrangerer fleire ulike sosiale arrangement gjennom året. 

Ungt Nettverk Måløy passar for deg som er aktiv i arbeidslivet og ønsker å vere med i eit sosialt nettverk. Kvar du jobbar betyr ingenting. Alle unge vaksne er velkomne uansett yrke og arbeidsplass.

Har du spørsmål om Ungt Nettverk Måløy? Ta kontakt med Anette eller Seline!