Grønn region Vestland

I Måløy skjer det mykje spennande innanfor grøn omstilling – og gjennom prosjektet Grøn region Vestland får vi vere med på eit større løft for heile fylket. Målet er å skape nye, berekraftige måtar å jobbe på, der industri og næringsliv samarbeider for å utnytte ressursane betre og kutte utslepp.

Måløy er ein av dei grøne «hubane» i prosjektet – ein plass der vi allereie har sterke miljø innan fiskeri, teknologi, logistikk og energiløysingar. Her ser vi på korleis verksemder kan kople seg saman, dele på ressursar og utvikle nye grøne verdikjeder i lag. Det handlar om å tenkje smart, samarbeide meir – og gripe moglegheitene som ligg i det grøne skiftet.

Spørsmål?

Anette B. Jahre

Rådgjevar