F.v.: Siri L. Stavang, senior næringsutviklar i Hub for Ocean, Randi Humborstad, dageler leiar i Måløy Vekst og Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean og Kristin Svardal, dagleg leiar i Hub for Ocean.
Hub for Ocean og Måløy Vekst har inngått ein samarbeidsavtale for å styrke sine respektive programsatsingar Symbiose Fjordane og Biohub Måløy. Partane skal i fellesskap arbeide med tiltak som kan styrke fokus på vidare innovasjon og verdiskaping i næringslivet i regionen, knytt til restråstoff og avfalls- og sidestraumar frå Havbruk og fiskeri.
Hub for Ocean har sidan 2022 jobba med Symbiose Fjordane, eit program for sirkulærøkonomisk næringsutvikling. Programmet dekker ulike satsingar og utviklingsprosjekt knytt til organiske restråstoff og avfallsstraumar. «Blått avfall, – grøn ressurs» er ei ny satsing innan programmet, der mål er å jobbe fram sirkulære verdikjeder knytt til fiskeslam frå havbruksnæringa. På kort tid er det etablert eit konsortium med avfallshandterarar, aktørar frå oppdrettsnæringa, FoU og akademia og offentleg forvaltning, der ein i samarbeid utvekslar erfaringar, kunnskap og diskutere moglegheiter for å auke utnyttingsgraden av restråstoffa med berekraftige løysingar.
«Måløy Vekst si satsing innan Marin Biohub Måløy er komplementær i forhold til Hub for Ocean si satsing “Blått avfall, – grøn ressurs” i programmet Symbiose Fjordane. I fellesskap skal vi aktivt bidra i utforming, gjennomføring og spreiing av resultat frå dei to prosjektsatsingane slik at ny erverva kunnskap kan takast i bruk av deltakande verksemder”, seier Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean.
Marin Biohub Måløy er utpeika som ein av 19 strategiske grøne hubbar i Vestland fylke av Grønn region Vestland, som er eit samarbeids- og koordineringsprosjekt eigd av Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune. Prosjektet er satt opp for å støtte, oppmuntre og hjelpe industrien i Vestland fylke til å nå viktige mål for den grøne omstillinga. I 2023 har Måløy Vekst jobba med eit fellesprosjekt mellom Havregionen Fjordane og Havregionen Sunnhordland i Grøn Region Vestland, som har resultert i ei verdiskapingsanalyse av fiskeri- og havbruksnæringen i dei to regionane. Måløy er den største fiskerihavnen i Vestland fylke, og her ligger det eit stort potensial i auka vidareforedling lokalt og bedre utnytting av restråstoff frå både oppdrett og kvitfisk.
«Analysen av Havregionen Fjordane viser at Kinn kommune er størst innen både oppdrett og fiske, og at fiskeri- og havbruksnæringen har spesielt store muligheter for sirkulære verdikjeder innen økt videreforedling lokalt, slamutnyttelse, bærekraftig fôr og betre utnyttelse av restråstoff fra både oppdrettsfisk og hvitfisk. Vi ser frem til å samarbeide med Hub for Ocean om å dele kompetanse, nettverk og virkemiddel for å styrke arbeidet med sirkulære verdikjeder i fiskeri- og havbruksnæringen», seier Randi Humborstad, daglig leder i Måløy Vekst.
Samarbeidet mellom Hub for Ocean og Måløy Vekst går ut på å legge til rette for relevante innovasjons- og utviklingsaktivitetar. Gjennom etablering av gode samarbeidsstrukturar skal regionen framstå som eit attraktivt og utviklande miljø for vidare forretningsutvikling og etablering innan dei havrelaterte næringane. Dette skal skje ved å skape gode møteplassar, tilby kompetansetiltak på tvers av bransjar og geografi og bidra med kunnskap og kompetanse som er relevant for aktivitetar i partssamarbeidet.
«Vi opplever stor interesse frå aktørar i verdikjeda for handtering av restråstoff frå havbruksnæringane lokalt og regionalt. Dette viser at det er eit behov for styrka satsing og samarbeid kring området», seier Siri Stavang, senior næringsutviklar i Hub for Ocean.
Ein meir ressurseffektiv og sirkulær økonomi er naudsynt for å nå dei klima, miljø- og berekraftsmåla vi har forplikta oss til, og det ligg store moglegheiter for auka sirkularitet i sjømatproduksjon.
«Ved å samarbeide om desse programsatsingane er målet å utvikle berekraftige verdikjedar der ein nyttar ressursane på ein betre måte, og yte betre tenester til næringslivet gjennom større breidde i kompetanse, nettverk og verkemiddel», avsluttar Kristin Svardal, dagleg leiar i Hub for Ocean.
Meir informasjon:
Program Symbiose Fjordane, Blått avfall, grøn ressurs