iVest Consult har etablert seg med kontor i Måløy og ønskjer å ta ein aktiv del i utviklinga som skjer i området. På frukostmøtet til Måløy Vekst presenterte Juanita Sekkingstad, rådgjevar innan plan, både selskapet og breidda i prosjekta dei arbeider med.
Selskapet har rundt 35 tilsette og eit breitt fagmiljø innan mellom anna plan, arkitektur, konstruksjon, tekniske fag og infrastruktur. Sekkingstad er no fast til stades på Måløy-kontoret, samtidig som ho har kollegaer og fagressursar på fleire stader i landet.
– Sjølv om eg sit her åleine, har eg over 30 personar i ryggen som kan hjelpe. Vi jobbar på tvers av avdelingane for å få til gode, tverrfaglege prosjekt, sa Sekkingstad.
iVest Consult har allereie vore involvert i fleire prosjekt i Måløy og regionen, mellom anna reguleringsplanar, bustadprosjekt, næringsareal, kai- og infrastrukturprosjekt. Sekkingstad trekte også fram arbeid med vegsamband og nye bustadområde i Måløy.
Selskapet er i vekst og har tilsett åtte nye medarbeidarar dei siste halvanna åra. Samtidig opnar etableringa i Måløy for at fleire fagområde kan ha arbeidsstad her – ikkje berre planavdelinga.
– Vi har mykje jobb i området, og det skjer mykje som vi har lyst til å vere med på, sa Sekkingstad.


