Har du planar om å byggje eller utvikle ein eigedom? Då bør du sjekke kva den nye arealplanen opnar for, før du kjem for langt med ideane. Det var hovudbodskapen frå advokat Synnøve Berg Svarstad i Advaco på frukostmøtet til Måløy Vekst.
Ho peika på at den nye planen gir andre rammer enn mange eigarar er vane med. Strengare nasjonale føringar, meir vekt på fortetting og krav om reguleringsplan kan få betydning for både små byggjetiltak og større næringsprosjekt.
– No må vi nullstille oss litt og byrje i rett ende, med å sjå på arealplanen, sa Svarstad.
For bedrifter som vurderer utbygging, var oppfordringa å starte tidleg. Reguleringsarbeid kan ta fleire år og krev både fagkompetanse og pengar. Ho rådde òg eigarar av næringseigedom til å undersøkje om tidlegare reguleringsplanar er oppheva, og kva rammer som gjeld no.
Ein førehandskonferanse med kommunen kan avklare spørsmål før ein søknad. Samstundes meinte Svarstad at gebyra kan bli ein terskel, og oppmoda politikarane til å vurdere lågare prisar for å stimulere til aktivitet.
Ho trekte òg fram ei positiv endring: Byggjegrenser mot sjø i den nye planen kan redusere behovet for dispensasjon og gjere enkelte byggjesaker enklare.


