AF Gruppen treng lokale samarbeidspartnarar når Stad skipstunnel skal byggjast. No inviterer hovudentreprenøren næringslivet til leverandørdag i Selje 11. november.
På frukostmøtet til Måløy Vekst gav prosjektleiar Erik Frogner eit innblikk i gjennomføringa og kva moglegheiter prosjektet kan gi for bedrifter i regionen.
– Vi har behov for lokale samarbeidspartnarar. Gjerne tilsette, sa Frogner.
Han skisserte ei samla bemanning på over 300 personar, fordelte på ulike skift og arbeidstidsordningar. AF Gruppen arbeider med planar for kontor og innkvartering i Selje, og ønskjer gode relasjonar til både lokalsamfunnet og næringslivet i området.
Bygginga er planlagd å ta om lag fem år. Først skal ein anleggstunnel gi tilgang til skipstunnelen, som deretter blir sprengd ut i fleire nivå. Etter planen skal AF Gruppen vere ferdig med arbeidet seinsommaren eller hausten 2031, før Kystverket tek til med testing og igangkøyring.
For bedrifter som vil levere til prosjektet, understreka Frogner at tryggleik, kvalitet og ryddige arbeidsforhold er sentrale krav. Leverandørane må ha dokumentasjonen i orden og delta aktivt i HMS-arbeidet.
På leverandørdagen i Selje samfunnshus vil AF Gruppen fortelje meir om behovet for varer og tenester, leverandørkrav og innkjøpsprosessar. Målet er å gi interesserte bedrifter betre innsikt i korleis dei kan bli med på prosjektet.


