Store datasenterprosjekt andre stader i landet kan gi nye oppdrag og arbeidsplassar i Måløy. Gjennom Bifrost Edge vil Sindre Kvalheim byggje vidare på kompetansen og leverandørmiljøet som har vakse fram rundt Lefdal Mine Datacenter.
På frukostmøtet til Måløy Vekst presenterte den daglege leiaren planar for datasenter i Vinje, Kollsnes og Arendal. Ambisjonen er å samle kapasitet til heile løpet, frå utvikling av tomter til bygging og drift.
– Målet vårt er å gi lokale leverandørar, inkludert oss sjølve, nasjonale moglegheiter, og byggje opp så mykje som mogleg her i Måløy, sa Kvalheim.
LocalHost og NetPartner er sentrale i satsinga. Kvalheim varsla mellom anna oppbygging av større fagmiljø innan fysisk tryggleik og cybertryggleik. Bifrost har òg investert 30 millionar kroner i det nye teknologiselskapet Overviu i Måløy.
Erfaringane frå Lefdal er eit viktig utgangspunkt. Kvalheim trekte fram korleis datasenteret har gitt lokale bedrifter oppdrag gjennom mange år. No ønskjer han å bruke dette miljøet i nye prosjekt og styrkje lokale leverandørar på stadene der Bifrost etablerer seg.
Tilgang på folk blir ei sentral oppgåve. Kvalheim peika på ein kombinasjon av rekruttering til Måløy, arbeid frå andre stader og oppbygging av lokale avdelingar. Vidare vekst og fleire oppkjøp vil avhenge av at selskapet får inn kapitalen det planlegg.


