Stad skipstunnel kan bli langt meir enn ei tryggare ferdselsåre. Under Måløy Vekst sitt frukostmøte peika Liv Koller-Borg i Selje Hotell Invest på moglegheitene tunnelen gir for reiseliv, samarbeid og verdiskaping langs kysten.
– Det blir ikkje verdiskaping av seg sjølv. Vi må saman, på tvers av ulike næringar, sjå korleis vi kan gjere dette til den store moglegheita for området vårt som det er, sa Koller-Borg.
Ho trekte fram behovet for meir kapasitet og kvalitet innan overnatting, mat, aktivitetar, transport og formidling – slik at reisande får gode grunnar til å stoppe i regionen.
Fleire konkrete prosjekt er allereie under utvikling. På Seljesanden planlegg Selje Hotell Invest eit heilårshotell på over 5.000 kvadratmeter med 75 rom, restaurant, møte- og selskapslokale og velværeavdeling. Prosjektet er klart for realisering, og selskapet arbeider vidare med å hente inn eigenkapital.
På Vestkapp er bygginga av eit nytt reiselivsanlegg allereie i gang. Anlegget på rundt 1.500 kvadratmeter skal få ni rom, restaurant og lokale for arrangement, med planlagt opning våren 2027.
Koller-Borg meiner nøkkelen framover blir samarbeid om ei samla kystsatsing.
– Gjestane ser ingen grenser. Vi må konkurrere med sterke destinasjonar i Noreg og internasjonalt.


