Detaljhandelen i Måløy har hatt vekst dei siste åra, men bak omsetningstala ligg det framleis svært små marginar. Det viste Siri Godtlibsen frå Måløy Adventure då ho presenterte utviklinga i handelsnæringa på frukostmøte i regi av Måløy Vekst.
Tal frå SSB viser at omsetninga i detaljhandelen i Sør-Vågsøy auka frå 255,7 millionar kroner i 2021 til 311 millionar i 2025. Det svarar til ein nominell vekst på 21,6 prosent. Justert for prisvekst er realveksten derimot på rundt 2,5 prosent.
– Marknaden har vakse, men ein stor del av auken i kroner skuldast prisstigning, forklarte Godtlibsen.
Utviklinga varierer også mellom ulike delar av handelsnæringa. Daglegvare og spesialbutikkar har hatt vekst, medan hushaldningsvarer har vore meir stabile.
Rekneskapstal frå eit utval verksemder viser samtidig at høgare omsetning ikkje nødvendigvis gir betre lønsemd. Resultatgraden har vore låg gjennom fleire av åra, med betring i 2024 og 2025.
Godtlibsen peika på at både marknadsutvikling og økonomien i dei enkelte verksemdene må sjåast i samanheng.
– Spørsmålet framover er korleis omsetningsveksten kan bidra til meir robuste verksemder og eit sterkare handelsmiljø i Måløy.


