Korleis kan AI gjere arbeidskvardagen litt enklare for dei som jobbar med tal og økonomi? Det fekk deltakarane utforske då NewSkills heldt kurs i Måløy 9. september.
Dagen baud på praktiske døme og oppgåver, med alt frå Excel og rapportering til e-post, rutinar og dokumentasjon på programmet. Deltakarane fekk også lære meir om korleis dei kan bruke AI på ein trygg måte, med personvern og kvalitetssikring i bakhovudet.
Kurset tok utgangspunkt i behov frå næringslivet og viser korleis Studiesenter Kysten kan bidra til fagleg påfyll nær der folk bur og jobbar.
Takk til NewSkills og alle deltakarane for ein lærerik dag. Vel blåst!


