Brev sendt til Helseministeren, Helse- og omsorgsdepartementet, Stortingspolitikarar Sogn & Fjordane, Styret og Administrerande direktør i Helse Førde.
Eit samla næringsliv i Nordfjord er sterkt mot kutt ved Nordfjord Sjukehus og andre lokalsjukehus i fylket. For oss handlar ikkje dette berre om helsetenester, men om grunnlaget for trygge lokalsamfunn, rekruttering av arbeidskraft og framtidig verdiskaping i regionen.
Vi kan ikkje akseptere at ei investering ved sentralsjukehuset i Førde fører til kutt i helsetenestene til innbyggarar i Nordfjord og Sogn. Likevel er det det styret i Helse Førde no har vedteke å utgreie. I helseføretaksmodellen er det ikkje eit skilje mellom midlar nytta til drift og midlar nytta til investeringar. Dette fører til at ei naudsynt investering fører til eit redusert tilbod til pasientane, viss ein ikkje klarar å auke inntektene tilsvarande.
Eit kutt ved lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal, slik styret har vedteke å utgreie, vil gi eit svekka helsetilbod til innbyggarar i desse regionane. Nordfjordingar og Sogningar vil få endå lengre reiseveg til naudsynt helsehjelp, i eit fylke med store avstandar, der vêrforholda kan gjere det umogeleg for ferjer å gå og helikopter å lande. Ei ytterlegare nedbygging av helsetilboda vil føre til redusert tryggleik, vanskelegare rekruttering og svekka bulyst. Det betyr at familiar kan måtte flytte, at næringslivet får hardare kår, og ikkje minst at liv kan gå tapt fordi hjelpa ikkje lenger er nær nok. Lokalsjukehusa er ein del av beredskapen, tryggleiken og livsnerven i bygdene våre.
Næringslivet i Nordfjord er i sterk utvikling, med viktige kompetansearbeidsplassar der verksemdene konkurrerer om fagfolk nasjonalt og internasjonalt. For å kunne rekruttere og behalde kvalifisert arbeidskraft, er eit godt og trygt helsetilbod heilt avgjerande. Når skadepoliklinikk og føde- og barseltilbod vert redusert, vert regionen mindre attraktiv for både tilflyttarar og eksisterande familiar. Bedrifter i Nordfjord rapporterer allereie at usikkerheit rundt sjukehustilbodet påverkar trivsel, stabilitet og rekruttering negativt.
Helseføretaksmodellen vart innført for å styrke økonomisk kontroll og pasienttilbod, men i praksis har han ført til auka sentralisering, meir byråkrati og mindre lokal styring. Modellen gjer at store investeringar i bygg og IKT legg beslag på midlar som elles kunne ha styrka tenestene der folk bur. Følgja er at lokalsjukehusa stadig vert stilte i fare, sjølv om både faglege og samfunnsmessige omsyn talar for å halde dei oppe.
Det er difor viktig å halde fast på at dette ikkje berre er eit spørsmål om økonomiske prioriteringar i Helse Førde. Dette er eit systemproblem som Storting og regjering må ta ansvar for å rette opp. Det trengst ei finansieringsordning som skil mellom drift og investeringar, og som sikrar at investeringar i sentralsjukehus ikkje går ut over tenestene ved lokalsjukehusa.
For næringslivet i Nordfjord er dette ikkje berre eit spørsmål om helsepolitikk, men om regional utvikling. Vi ber difor nasjonale styresmakter om å sjå helsetilbod som del av den same samfunnsstrukturen som veg, straum og digital infrastruktur. Eit sterkt lokalsjukehus er ein del av beredskapen som gjer det mogleg å bu, arbeide og investere i distrikta. Nedbygging av slike tenester står i direkte motsetnad til måla om desentralisert verdiskaping.
I Nordfjord står næringslivet saman. Regionen vår er bygd på ein fleirkjernestruktur – med Nordfjordeid, Stryn, Måløy og Sandane som likeverdige tettstader. For berekraftig vekst i næringslivet treng vi robuste samfunnsfunksjonar i alle desse kjernene -helse- og beredskapstenester, vidaregåande opplæring og fagmiljø, offentlege førstelinjetenester og gode samferdsleløysingar. Når vi no mobiliserer for Nordfjord Sjukehus gjer vi det som del av eit felles regionalt prosjekt: Å halde oppe livsnervane som bind arbeidslivet og lokalsamfunna våre saman. Vi løftar kvarandre når viktige institusjonar står på spel.
Næringslivet i Nordfjord står samla om kravet om å oppretthalde eit fullverdig og robust tilbod ved Nordfjord Sjukehus. Trygge lokalsamfunn med nærleik til helsetenester er ein føresetnad for bulyst, rekruttering og langsiktig verdiskaping. Å byggje ned helsetenestene i distrikta vil ikkje berre svekkje tryggleiken for innbyggjarane – det vil òg svekkje grunnlaget for næringslivet og framtida for heile regionen.
Ei ytterlegare nedbygging av sjukehusa vil ha negative ringverknader for tryggleik, rekruttering og bulyst. Brevet støttast av ei rekkje bedrifter og næringsorganisasjonar i Nordfjord, som alle peikar på at helsetilbodet er avgjerande for rekruttering, familieetablering og samfunnstryggleik i regionen. Difor står næringslivet i Nordfjord samla mot kutt ved Nordfjord Sjukehus og Lærdal Sjukehus.
Brevet er signert av:
- Stad Vekst AS
- Inviro AS
- Nordfjordkompaniet
- Gloppen Næringsorganisasjon
- Måløy Vekst AS
- Stryn Næringssamskipnad