- Ervik Group er eit spennande eksempel på korleis ein kombinerer innovasjon, tradisjon og samfunnsansvar for å skape vekst og utvikling, seier dagleg leiar i Måløy Vekst, Frank Willy Djuvik.
Då Måløy Vekst tok turen til hovudkontoret på Leikanger i Stad fekk vi eit større innblikk i korleis selskapsgruppa rustar seg for framtida.

- Vi likar å tenkje nytt på alle frontar, og satsar på moderne løysingar, fortel administrerande direktør Robert Ervik.
Ein mangfaldig selskapsstruktur
Med Norges største linebåtrederi, og fleire ulike fiskefartøy, er gruppa ein sentral aktør innan norsk fiske. Fiskeriaktiviteten bidreg også til lokale ringverknader.
- Til dømes handlar vi klede og utstyr til arbeidarane våra ved Jobbpartner i Måløy, og vi investerer i utstyr av høg kvalitet frå lokale leverandørar som Fiskevegn og Selstad.
Gruppa har eit autorisert rekneskapsførarfirma som serva 75 klientar i fjor og er venta å auke til 80 i år. I tillegg eig dei industriaktøren Westmek.
- Vi har også operasjonar i USA, med fabrikken Openwater Seafoods LLC, seier Ervik.
Fabrikken har den siste tida fokusert på bearbeiding av torsk og lange. Ervik Group jobbar kontinuerleg for å styrke sin posisjon som ein global aktør innan sjømat. I Ervik Seafood satsar dei mot auka omsetnad.

Foto: Ervik Group
Innovasjon og teknologibruk
Ved å tenkje nytt har selskapet teke i bruk fleire innovative løysingar. Eit eksempel er bruk av Starlink-teknologi om bord på båtane. Dette har ikkje berre auka trivselen for mannskapet, men opna nye moglegheiter med VR/AR-teknologi.

Foto: Ervik Group
- Maskinistar kan no få fjernbistand ved tekniske problem, og skipper med medisinsk hjelp som kan bli gjeve via smarte briller, seier Ervik.
Flaggskipet Frøyanes som også er det nyaste tilkotet i flåten er spesialtilpassa krevjande fiskeforhold.
- Med moonpool-teknologi og kapasitet til å dra opp 1800 teiner og handtere 14 tonn produktvekt per dag, blir det eit svært effektivt fiske, fortel den administrerande direktøren.
Samfunnsansvar i praksis
Ervik Group er oppteken av å gi tilbake til lokalsamfunnet. Joker Stadlandet er eit eksempel på dette; butikken eksisterer i stor grad takka vere fiskeriaktiviteten i regionen. Treningssenteret Blackrock Gym, som er knytt til hotellet dei eig, er eit anna tiltak som styrkar lokalsamfunnet.
- Senteret er mykje brukt og har fått strålande tilbakemeldingar, fortel Ervik.
- Eg måtte snu i døra i går då der var fullt, smiler økonomidirektør i Ervik Group, Kim Ole Rønning.

