Når varsellampa i bilen lyser, bestiller vi verkstadtime. Men er vi like flinke til å ta tak når kroppen seier frå? Måløy Treningssenter vil få fleire bedrifter til å satse på aktivitet og helse for dei tilsette.
På frukostmøtet til Måløy Vekst 30. oktober fortalde senterleiar Torill Eide Tennebø og gruppetreningsansvarleg Natalie Silden Holvik om korleis dei ønskjer å bidra.
Fleire lokale bedrifter støttar allereie treningsmedlemskap for sine tilsette. No vil senteret utvikle samarbeidet vidare, med tilbod tilpassa behova på kvar arbeidsplass.
– Vi ønskjer å nå dei som ikkje allereie trenar, dei som kanskje synest terskelen er høg, eller dei som treng litt ekstra hjelp til å kome i gang, sa Silden Holvik.
Ho understreka at ein ikkje kan trene seg vekk frå alt sjukefråvær, men løfta fram fysisk aktivitet som eitt av fleire tiltak for betre helse og overskot.
Senteret nærmar seg 700 medlemmar, meir enn ei dobling sidan flyttinga til nye lokale i 2020. Med medlemmar frå ungdomsalder til over 90 år er fellesskap og tilhøyrsle ein viktig del av tilbodet.
– Trening er det vi tilbyr, men fellesskapet er noko av det som gjer at folk blir, sa Silden Holvik.
Senteret varsla også at medlemmane skal få tilgang til badstove, som dei håpar å ha på plass i løpet av hausten.


