Vil samle lokale aktørar for å styrkje handelen i Måløy

Måløy Vekst vil ta initiativ til eit samarbeid med kommunen, byforeiningar, gardeigarar og handelsaktørar for å få fleire til å bruke dei lokale butikkane. Målet er å finne tiltak som kan styrkje kundegrunnlaget gjennom heile året.

Frank Willy Djuvik, dagleg leiar i Måløy Vekst, peika på frukostmøtet på at lokal handel har betydning langt utover omsetninga i den enkelte butikken.

– Kvar gong du bruker ei krone i ein lokal butikk, investerer du i lokale arbeidsplassar, lokale tilbod og lokal attraktivitet, sa Djuvik.

Reiselivet har gitt fleire butikkar eit viktig løft, men Djuvik understreka at det er krevjande å basere bemanning, varelager og drift på 50-60 dagar med høg aktivitet. Skal butikkar og restaurantar ha eit berekraftig grunnlag, må også innbyggjarar og lokale bedrifter bruke tilboda resten av året.

Fleire arrangement, betre marknadsføring og auka synlegheit digitalt og i gatene er blant tiltaka han ønskjer å drøfte. Kva ein bør prioritere, skal aktørane sjølve vere med på å definere ut frå erfaringane og behova sine.

Djuvik knytte òg handelen til rekruttering i resten av næringslivet. Eit levande lokalsamfunn med gode tilbod er viktig når industri-, teknologi- og entreprenørbedrifter skal tiltrekkje seg nye medarbeidarar. Å støtte lokal handel handlar dermed også om å leggje til rette for vidare næringsutvikling.

Sjå innlegget på frokostmøtet👇

Les fleire artiklar