Måløy-bedrifter markerte seg på Aqua Nor 2025

Verdas største messe for akvakultur samla denne veka tusenvis av deltakarar i Trondheim – og Måløy var godt representert. Ei rekkje av våre eigne bedrifter, både aksjonærar og medlemmar i Måløy Vekst, var på plass for å vise fram kompetanse, teknologi og framtidsretta løysingar.

Blant dei som stilte med eigne stand var Selstad, Koda Group, Skipskompetanse, OKFH, Vestland fylkeskommune og Måløy vidaregåande skule, som også hadde med opplæringsfartøyet Skulebas til Trondheim.

I tillegg deltok fleire andre sentrale aktørar frå Måløy, mellom anna Ervik Group, MHService, Coast Seafood, Star Seafood, Stadyard, Babord Group, Sea Technology og Måløy Verft, for å nemne nokre.

Måløy-bedriftene er med på å setje spor på Aqua Nor, både gjennom innovasjon, samarbeid og den sterke kompetansen som finst i regionen. Det viser at Måløy har ein sentral plass i utviklinga av framtidas havnæringar – og at kystbyen vår held fram med å vere ein viktig møteplass for kunnskap og næringsutvikling.

📸 Sjå bilete frå Aqua Nor nedanfor!