Mandag tok leiar i hovedutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland fylke, Åsmund Berthelsen, turen til Måløy. Med var også leiar i hovedutvalet for næring, Oddmund Klakegg. Utvalsleiarane fekk høyre næringslivet sine bekymringar knytt til forslaga som er lagt fram for ny struktur i dei vidaregåande skulane i fylket, og korleis desse kan råke Måløy vidaregåande skule og det lokale næringslivet.
- Fylkeskommunen seier at dei styrkar den maritime satsinga på Måløy vgs., men dei påfører isteden ei alvorleg svekking av landbasert maritim industri, seier Kjell Inge Sjåstad, dagleg leiar av Båtbygg.
Sjåstad refererer då til fylkesadministrasjonen sitt forslag om å flytte VG2 Køyretøy frå Måløy vgs. til Stryn vgs. Etter at det i 2015 vart vedteke å flytte VG2 Industriteknologi til Eid vgs. er det frå Køyretøy-linja at Båtbygg og andre verft hentar sine lærlingar.
Les verfta sitt innspel til fylkesadministrasjonen om Køyretøy-linja HER.
Også TAF/YSK Industriteknologi er ei viktig kjelde for kompetanse inn mot den lokale industrien og øvrige maritime næringar. Her har fylkesadministrasjonen foreslått å fjerne TAF/YSK Industriteknologi og heller innføre TAF/YSK Maritim, ei retning som kan utdanne skipsmotormekanikarar som ikkje kan ha si læretid på land.
- Forstår administrasjonen dette eller trur dei at maritimt kun er alt som er på kjøl? seier Kåre Nordpoll som underviser ved TAF/YSK Industriteknologi.
Har gode søkartal og venteliste
- Vi har mange eksempel på at elevane heller vel tilbod på skulen som ligg i deira nærområde enn å reise langt til og frå skulen, fortel avdelingsleiar ved Måløy vgs., Anita Hoddevik.
I forslaget frå fylkesadministrasjonen er det foreslått å kutte i det studieførebuande tilbodet ved Måløy vgs. med grunngjeving at det er rimeleg reiseavstand til Eid vidaregåande skule. Denne avstanden er rekna frå Måløy vgs., og ikkje der elevane faktisk bur. Dette betyr at elevar fra Måløy og bygdene rundt vil bruke 2,5-3 timar i buss kvar dag. For elevar i ytre del av Stad kommune, som ser på Måløy vgs. som sin lokale videregåande skule, kan reisetida bli heile 3,5 timar per dag. For skuleåret 2024/25 er det heile 82 elevar fra Stad kommune. Skulen har også svært god rekruttering frå fleire nabokommuner, samt fleire andre stader i fylket.
- Det er kun 44,2 prosent av elevane på naturbruk som kjem frå vår del av Kinn kommune, fortel avdelingsleiar Tor Åge Gravdal.
Avdelinga har også svært gode søkartal og i dag er det heile 17 personar på venteliste for plass på dei maritime og marine faga på skulen.
Imponerte over verdiskapinga og vekstmoglegheiter
- Det eg ser klarare og klarare er kor viktig skulen er for sine lokalsamfunn og at dei skal kunne utvikle seg. Å svekke grunnlaget vil vere avgjerande for kva som skjer med skulen framover, seier leiar for hovedutval for opplæring og kompetanse, Åsmund Berthelsen.
Politikarane er no i prosess med å finne moglege løysingar på kutta som skal gjerast i dei vidaregåande skulane i fylket. 16. september skal saka behandlast i hovedutvalet for opplæring og kompetanse.
- Det er imponerande å sjå verdiskapinga som skjer her. Arbeidskraft og rett kompetanse er grunnlaget for slik verdiskaping. Vi har notert oss innspela frå den største fiskerihavna i Vestland, uttala leiaren i hovedutvalet for næring, Oddmund Klakegg.