PRESSEMELDING: Skipstunnelkonferansen 5. mai

Del dette INNLEGGET

Skipstunnelkonferansen som er planlagt om bord i Havila Capella med avgang frå Måløy 5. mai er no fullbokka og fleire som står på venteliste. Det ser ut til at Havila er i rute neste veke med avgang frå Bergen 4. mai og arrangementet vert gjennomført som planlagt. 

Skulle turen bli avlyst vert det dessverre også ei avlysing av konferansen – og dersom det skjer, vil vekstselskapa for Kinn, Stad og Vanylven planlegge å få gjennomført denne viktige skipstunnelkonferanse etter ferien.
Arrangementskomiteen har hatt ein god dialog med Havila Kystruten og ber om forståelse for at det har vore usikkerhet om avgang – grunna restriksjonane som Havila Kystruten har for Havila Capella.

Se oppdatert program for konferansen her: Program-250422.pdf (skipstunnel.no)

Arrangementskomiteen v/ Stad Vekst, Måløy Vekst, Vanylven Utvikling